Måndag 12. august går startskotet for studieåret 2024/25. Først ute er Bodø og Levanger. Deretter følger Namsos, Steinkjer, Stjørdal og Mo i Rana, som alle har studieopning tysdag 13. august. Medan Nesna og Vesterålen har studieopning henhaldsvis 20. og 28. august.
– Studiestarten er blant dei aller viktigaste dagane i Nord universitet, og eg gler meg utroleg mykje til å helse alle nye studentar velkomen hit til oss.
Det seier rektor Hanne Solheim Hansen, som i år skal holde tale både i Bodø, Namsos og Steinkjer. Ved dei andre studiestadane vil følgande frå Nord-leiinga holde tale:
- Levanger og Stokmarknes: Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning
- Stjørdal: Ketil Eiane, prorektor for forsking
- Mo i Rana: Gøril Ursin, dekan ved Fakultet for sjukepleie og helsevitskap
- Nesna: Rose Martin, dekan ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag
Det viktige førsteinntrykket
Rektor er særs opptatt av alle nye studentar skal bli ønska velkomne med både smil og ei hjelpande hand.
– Å kome til ein ny plass med stort sett ukjende folk, er ei utfordring og ein moglegheit. Fagansvarlege og fadrane har laga gode planar for at nye studentar skal bli kjent, finne sin plass og føle seg trygge når de kjem til universitetet. No skal dette settast ut i livet og eg trur dette blir den beste mottakinga på mange år, seier Solheim Hansen.
Programmet for sjølve studieopninga er ganske likt ved alle våre åtte studiestadar, med talar, helsingar og musikalske innslag. Den offisielle opninga er felles for alle studentar, men mange av studieprogramma har oppstart på et tidlegare tidspunkt. Detaljert informasjon om oppmøtetidspunkt og oppmøtestad er lagt ut på nettsida til kvart einskild studieprogram.
Her er programmet for våre studiestadar:
Studiestart 2024
Her finn du informasjon om oppstart, sjekkliste, registrering, studentliv og mykje meir.