This page is not available in English

Idrett og berekraft – er det mogleg å kombinere?

Ole-Anders Seines og Erlend Westgård Schjem

Bokaktuelle: Nord-studentane Ole-Anders Seines og Erlend Westgård Schjem har saman med Martin Svean skrive eit kapittel i læreboka «Research Handbook on Sustainable Project Management». Foto: Sverre Breivik.

Idrett og berekraft – er det mogleg å kombinere?
Ja, meiner dei bokaktuelle tidlegare Nord-studentane Ole-Anders Seines og Erlend Westgård Schjem.

Dei er særs nøgde med at masteroppgåva deira ikkje berre samlar digitalt støv en stad i skyen. No kan dei nemleg kalla seg medforfattarar i ei internasjonal lærebok, saman med medstudent Martin Svean og rettleiar Wenche Aarseth.

Tre år etter at dei fullførte sin Master of Business Administration ved Nord universitet, kan dei glede seg over at dei har bidratt med eit kapittel i boka «Research Handbook on Sustainable Project Management».

Boka, som er ein antologi, har Gilbert Silvius og Martina Huemann som redaktørar, begge internasjonalt kjende for sitt arbeid innan prosjektarbeid og berekraft.

I godt selskap

− Målgruppa er fyrst og fremst etter- og vidareutdanningsstudentar som er i arbeid som leiarar og prosjektleiarar ved større prosjektbaserte organisasjonar, seier Selnes, som saman med Schjem har fordjuping i prosjektarbeid i sin mastergrad.

− Om vi ser på tre av våre største utdanningsinstitusjonar i Noreg, passerer vi eit femtitals kurs innan prosjektleiing berre der, seier han, og legg ikkje skjul på at det er stas å bli antatt i selebert selskap.

− Dei to redaktørane er svært anerkjende innan sine felt. Professor Martina Huemann innan prosjektleiing, og professor Gilbert Silvius innan berekraftige prosjekt, seier Seines, som i dag jobbar i kulturetaten i Sørfold kommune.

Han fortel vidare at redaktørane målvitne har kontakta dei mest anerkjende forskarane og forfattarane internasjonalt innan berekraftige prosjekt.

− Alle redaktørane i dei internasjonalt anerkjende journalane i prosjektleiing er medforfattarar i boka. Dette er til dømes redaktørane i International Journal of Project Management, International Journal of Managing Projects in Business og Project Management Journal, seier Seines.

To vaksne menn på ei kai med fjorden i bakgrunn. Foto
Bokaktuelle: Erlend Westgård Schjem og Ole-Anders Seines har ein master i MBA frå Nord universitet. Foto: Sverre Breivik.

Ski Tour med berekraftprofil

Bodø-studentane sitt kapittel handlar om berekraftsarbeid innan idrettsarrangement. Dei har spesifikt forska på korleis berekraftsarbeid blei ein del av Ski Tour 2020, eit FIS-arrangement som blei halde i Østersund, Åre, Meråker og Granåsen.

− Dette arrangementet hadde ein klar profil om å vere eit nytenkande og berekraftig arrangement. Eg trur det var avgjerande for at vi fekk plass i boka, seier Erlend Schjem, som til dagleg er å finne som tenesteleiar innan helse i Saltdal kommune.

Det var tre hovudfunn i deira forsking:

  • Samarbeid med blant anna leverandørar, idrettsforbund og kommunar var viktig for implementering av berekraft i sportsprosjekt.
  • Etablering av felles verdiar i organisasjonen var avgjerande.
  • Lokal forankring, som lokale bedrifter, lokal mat og kunnskap, hadde også betydning for berekraftig gjennomføring.

Kjem ikkje utanom prosjekttenking

Schjem trur heilt klart berekraft i prosjektarbeid vil vere eit brennheitt tema framover.

− Mykje av Noregs verdiskaping skjer i prosjekt. Dette er til dømes olje- og energiprosjekt, byggeprosjekt, veg- og anleggsprosjekt så vel som større arrangements- og sportsprosjekt.

− Felles er at prosjekta vil stå overfor revolusjonerande krav når det gjeld berekraft. Temaet er dermed høgaktuelt for Noregs næringsliv, seier Schjem.

Også Seines trur at leiarar og prosjektleiarar i store konsern, samt ulike kommunar med større prosjekt, vil ha stort behov for kunnskapen i denne høgaktuelle boka.

− Målet for artikkelen var i fyrste rekke å få den publisert i eit fagfellevurdert tidsskrift. Å få den utgitt i konkurranse med internasjonalt anerkjende akademikarar, er langt over kva vi forventa.

− No håpar vi berre at det vil bidra til at idrettsarrangement vil vere i front med å promotere berekraft. Kanskje arrangørane av VM på ski i Trondheim 2025 vil stå på lista over lesarar som vil finne nyttige tips i boka, avsluttar Ole-Anders Seines.