This page is not available in English

Fredrik (34) skal byggje IT-byen Bodø

Alumn teknologiledelse Fredrik Undli

Attraktiv med utdanning frå Nord: Fredrik Undli går i haust inn i stillinga som utviklingsdirektør i PowerOffice. Foto: Christine Karijord

Fredrik (34) skal byggje IT-byen Bodø
Fire år etter at master i teknologileiing var i boks, kapra Fredrik draumejobben hos PowerOffice.

Den nytilsette utviklingsdirektøren i PowerOffice brenn for at små og mellomstore bedrifter i Nord-Noreg skal lukkast. No skal han ta fatt på den store oppgåva det er å utvikle selskapet som på si eiga heimeside fortel at dei har utvikla ikkje mindre enn «universets supreste rekneskapssystem».

Men for å utvikle seg vidare, treng dei dyktige medarbeidarar. I bresjen for utviklingsarbeidet vil vi frå hausten av finne 34 år gamle Fredrik Undli, bodøgut, glimtpatriot og levande oppteken av samfunnsutvikling i nord.

Skal leie 30 systemutviklarar

− Eg er spent, og gler meg veldig til å bli kjend med ein fantastisk gjeng. Dette trur eg blir ei fin utfordring, seier Fredrik.

Han går inn i ei stilling der forventningane er store.

− Verdiane Fredrik står for gjorde at vi raskt skjønte at dette var rett mann til å leie heile fagmiljøet med om lag 30 systemutviklarar i PowerOffice, seier PowerOffice-direktør Lise Mentzoni.

− Vi satsar no på ein relativt ung leiar som vil stå sterkt i møte med både nyutdanna og seniorar. For dette er ein leiar som er god på folk, noko som er vel så viktig som å vere god på teknologi, seier ho.

Økonomi i botnen

− Mi utdanningsreise går via ein bachelor i økonomi og leiing ved Handelshøgskolen Nord, fortel Fredrik.

Etter militæret var han litt på leit etter kva arbeidslivet skulle bringe, og tenkte at dette var ei relevant utdanning å ha i botnen.

− Etter bacheloren var eg litt usikker på retning, og gjekk til ein IT-relatert jobb i eit mindre firma, der utvikling av økonomiske system hadde eit utvida kundeperspektiv. Det syntest eg rett og slett var ganske morosamt, og eg blei svolten på å studere meir i kryssinga mellom økonomi og IT.

Den einaste tilbydaren i Noreg på det tidspunktet var Nord universitet, studiestad Mo i Rana. Dermed blei det Master i Teknologileiing, fullført i 2020.

− På studiet trefte eg folk frå heile landet, og frå ulike næringar, fortel Fredrik.

Å kunne bruke sin økonomi- og leiarbakgrunn i studiet, retta mot teknologisk utvikling, opplevde han både nyttig og spennande. I tillegg var gründerfag særs relevant, sett i lys av at han kom frå ei lita bedrift.

Kultur for nyskaping

− Det var vel det eg tok med meg inn i jobben i NRK, seier Fredrik.

Han kjem frå stilling som leiar for seksjonen Utvikling Publikumsprodukt i NRK, med erfaring frå NRK TV, NRK Radio, NRK.no, samt værtjenesta Yr.

For timinga var perfekt. Då Fredrik var ferdig med sin master i teknologileiing, var statskanalen i ferd med å flytte delar av si utvikling til Bodø, og Fredrik var klar til å vere med på å skape noko nytt.

− Å stable ei etablering på beina var den ultimate utfordringa for meg, seier han.

Og det er noko av dette han kjenner igjen i sin nye jobb. Eit selskap som har sin egen kultur, skapt frå botnen av.

− Det er dette eg opplever som «sjela» i PowerOffice, seier han.

Tar sats saman: Saman med direktør i PowerOffice, Lise  Mentzoni, vil den nye utviklingsdirektøren satsa hardt på rekruttering av fagfolk med rett kompetanse. Slik skal dei byggje IT-byen Bodø. Foto: Christine Karijord.

Menneska bak teknologien

Fredrik brenn ikkje berre for økonomitenester til små og mellomstore bedrifter, men også for å forenkle folks kvardag.

− Det mest interessante med jobben eg skal inn i, er menneska bak teknologien, og alle moglegheitene den kan gje, seier Fredrik, som har fått i sitt mandat å løfte fagmiljøet og byggje Bodø som IT-by.

I det ligg å setje saman og kultivere eit attraktivt fagmiljø som vil bidra til å tiltrekkje seg dyktige folk, noko som igjen vil generere spanande arbeidsplassar.

Lise Mentzoni fortel at PowerOffice har satsa hardt på rekruttering over tid, rett og slett for å finne flinke folk som skal vere med og løfte selskapet inn i framtida.

− Utfordringa i åra som kjem, blir å få tak i dyktige fagfolk med rett kompetanse. Difor er vala vi no tek svært viktige for at vi skal kunne utvikle oss vidare og nå nye høgder, seier PowerOffice-direktøren. Og Fredrik Undli på si side gler seg til å bidra til at dyktige fagpersonar kan yte sitt beste.

Master (1-2 år)

Teknologiledelse

Med en MBA i teknologiledelse får du kunnskap og analytiske ferdigheter for å ivareta lederoppgaver i teknologibedrifter og andre kunnskapsbedrifter, samt identifisere og utvikle nye forretningsmuligheter. Studiet er samlingsbasert, og tilpasset personer i full jobb.

Studieform: Deltid
Studiepoeng: 90
Studielengde: 3 år
Studiested: Mo i Rana
Neste oppstart: Høst 2025