Eit nytt studieår er no godt i gang ved sju av Nord universitet sine studiestadar. Sist ute er studiestad Vesterålen, som har opning 28. august.
- Studiestart 2024: Her finn du informasjon om oppstart, sjekkliste, registrering, studentliv og mykje meir
Nær 11 000 har fått tilbod om studieplass
Ferske tal frå 14. august syner at 10 897 studentar har fått tilbod om studieplass ved Nord for komande studieår. Av desse har 5 883 takka ja til plassen. Dette er ei auke på over 500 frå førre studieår.
I alt har kring 3 000 studentar takka ja til eit studium via Samordna opptak, medan 2 800 har takka ja til eit studium via lokalt opptak.
– Opptaket sett under eitt ser greitt ut for Nord universitet, gitt mellom anna fallande ungdomskull, seier Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning (bilete under).
Han understrekar samtidig at noko av aukinga skuldast fråfall frå karakterkrav for lærar og sjukepleiar, og at noko av aukinga er knytt til nettbaserte studiar.
Møtt-tala er klare i oktober
Det som jamvel er viktigast og aller mest interessant, er møtt-tala; altså kor mange av dei som har takka ja til studieplassen, som faktisk møter opp til studiet dei har kome inn på.
Møtt-tala skal universiteta og høgskulane rapportere på den 15. oktober til DBH – Database for statistikk om høgare utdanning.
Nord universitet har framleis studiar som ikkje fyller studieplassane. Her finn du oversikt over ledige studieplassar ved Nord universitet