This page is not available in English

Robotteknologi kan løyse framtidas mangel på helsepersonell

Fagpersoner sammen med en robot. Foto

Robot i helse: Nord universitet er samarbeidspartnar i forskingsprosjektet MuSeRo – Multipurpose Service Robot for Nursing Homes. – Det er viktig at vi som kjenner helsesektoren er med og påverkar utviklinga av teknologien, slik at den blir tilpassa faktiske pasientar, tilsette og pårørande, seier professor Kari Ingstad ved Nord universitet. Foto: Bjørnar Leknes.

Robotteknologi kan løyse framtidas mangel på helsepersonell
Om nokre år kan slike robotar bli eit vanleg syn ved norske sjukeheimar. – Vi må tenkje nytt for å løyse morgondagens utfordringar, seier forskar Kari Ingstad.

Sjå for deg at du er innlagd på eit sjukehus over fleire dagar. Du er svolten og tørst, og kjenner at du burde ha vore på do. Men du kjem deg ikkje ut av senga sjølv, og treng hjelp. Sjukepleiarane er få og travle, og må prioritere andre pasientar først. Det betyr at du må vente. Lenge.

Hadde det ikkje vore fint om ein robot kunne ha hjelpt deg då? Det kan bli ein realitet takka vere eit nytt forskingsprosjekt på nettopp robotteknologi.

Sjå video av roboten. Artikkelen held fram under videoen.

Sosial service-robot

– Dette er ein sosial service-robot. Han kan utføre ulike oppgåver på eit sjukeheim, som å servere pasientane, underhalde dei, lære dei å gå etter slag, sette opp fjernsamtale med lege eller telefonsamtalar med pårørande og så vidare.

Det seier professor Trygve Thomessen i PPM Robotics AS. Thomessen er prosjektleiar for det unike forskingsprosjektet, der både Nord universitet og det ungarske universitetet ELTE er samarbeidspartnarar.

– Hovudpoenget for ein helsearbeidar som er på jobb er å gjere pasientretta arbeid. Då får dei bruke utdanninga si, dei får større jobbtilfredsstilling og pasientane får meir nytte av det. Men per i dag er den prosenten der dei verkeleg får jobba med pasientane ganske liten, truleg ein stad mellom 30 og 40 prosent.

– Ein god del av dei oppgåvene som ein helsearbeidar må gjere i dag, består av transport og gåing, og andre oppgåver som ikkje pasientane får glede av. Når vi introduserer denne typen teknologi, kan dei få fjerna ein del av dei ikkje-fagleg retta oppgåvene. Dermed får dei meir tid til å gjere det dei kan og skal, forklarer Thommessen.

Seks personar og ein robot. Foto
Tverrfagleg forskingsprosjekt: Bak frå venstre Vebjørn Aflekt Thomessen, Trygve Thomessen, Beáta Korcsok og Kari Ingstad. Framme frå venstre: Bálint Tahi og Balazs Hamori. Foto: Bjørnar Leknes.

Avhengige av positive institusjonar

Nyleg var prosjektgruppa samla i Levanger for å jobbe vidare med prosjektet, men òg for å besøkje Staup helsehus som er positive til å ta i bruk ny teknologi.

– Vi er heilt avhengige av å kunne teste dei fortløpande i verkelege institusjonar, seier programmerar Balint Tahi frå Ungarn.

Det er ei utfordring at for få ønskjer å ha ein robot inne i sine institusjonar

Balint Tahi, programmerar

– Roboten er allereie programmert for å kunne kjenne att stemmer og forstå ulike språk. Det er likevel litt krevjande i Noreg, på grunn av dei mange dialektane. Men på engelsk fungerer han ganske bra. Uansett er det behov for å utvikle han ytterlegare for å gjere han endå meir påliteleg, seier Tahi.

Ny teknologi er ei av løysingane

Kvinne og robot. Foto
Høgst aktuelt òg for studentane: – Teknologi innan helse kjem til å kome for fullt. Studentane våre må difor lære teknologi og ta det i bruk, seier professor Kari Ingstad ved Nord universitet. Foto: Bjørnar Leknes.

Forskar Kari Ingstad er prodekan for forsking ved Nord universitet. Ho er involvert i prosjektet, først og fremst for å kome med faglege innspel slik at robotens eigenskapar blir mest mogleg føremålstenlege.

– Eg gir innspel om kva som er gjeldande rutinar og arbeidsoppgåver ved norske sjukeheimar. Kva er det til dømes dei demente faktisk har behov for? Kan ein servere frukost, og i så fall korleis?

Det viktige er at vi får roboten til å gjere noko som avlastar helsepersonell, gir pasientane meirverdi eller bidreg til større pasientsikkerheit.

Kari Ingstad, forskar

Sjølv om ein robot aldri heilt og fullt kan erstatte dei mellommenneskelege faktorane mellom pasient og sjukepleiar, er ho likevel klar på at robotteknologi er heilt nødvendig for å løyse mange av utfordringane helsesektoren står overfor.

– Eg er veldig oppteken av at vi skal ha gode arbeidsplassar som gir gode arbeidsvilkår i helsesektoren. Mange vil ha det som før, og meiner vi kan løyse det meste ved å tilsette fleire. Men vi manglar arbeidskraft, kanskje meir enn pengar. Då er teknologi ei av løysingane.

– Eg meiner heller ikkje det er rett å uavgrensa importere arbeidskraft frå utlandet. Dei fleste land har færre helsepersonell enn oss. Vi skal definitivt jobbe for å utdanne mange fleire innan helse, men vi må òg ta i bruk teknologi for å få gode arbeidsplassar og tenester i åra som kjem, seier ho.

Framleis mykje som står att

Mann med briller inne i sykepleierom med robot i bakgrunnen. Foto
Nytt innan helse: – Vi har jobba med industrien i tjue år med robotteknologi som dette, så for oss er det ikkje veldig avansert. Men når det gjeld sjukeheim og helse så er dette veldig nytt, seier Trygve Thomessen. Foto: Bjørnar Leknes.

Trygve Thomessen i PPM Robotics, som òg jobbar som professor både i Debrecen og Tokyo, er heilt klar på at prosjektet er heilt avhengig av tverrfagleg samarbeid.

– Problemstillingane vi står overfor er veldig tverrfaglege. Du kan ikkje løyse dei innanfor eitt fagområde, det vere seg om du er dataekspert, robotekspert, sjukepleiar eller psykolog. Vi er avhengige av å ha ei gruppe som jobbar veldig tett saman med dei ulike fagområda, som snakkar saman og som forstår kvarandre. Det er noko av kjernen for å lykkast, seier Thomessen.

Vi er avhengige av å ha ei gruppe som jobbar veldig tett saman med dei ulike fagområda, som snakkar saman og som forstår kvarandre. Det er noko av kjernen for å lykkast.

Trygve Thomessen, prosjektleiar

Han vil likevel ikkje spå kor mange år det vil ta før slike robotar er eit vanleg syn på norske sjukeheimar.

– Vi har eit ferdig kommersielt produkt, men det må meir utvikling til for å gjere storskala ut av det. Mykje handlar om å gi roboten ei rolleforståing på eit sjukeheim; kor skal han gå inn, kva skal han gjere og ikkje gjere, og korleis skal han opptre saman med pasientane. Alle desse tinga er opne enno. Men slik det er no, kan vi uansett gå i gang og prøve med enklare oppgåver, seier Trygve Thomessen.

Fakta om MuSeRo:

Prosjektet blir gjennomført i perioden 2022-2024 og er finansiert gjennom EUROSTARS! Programmet, av Norges Forskningsråd (NRC) og The Hungarian National Research, Development, and Innovation Office (NRDI).

• MuSeRo står for "Multipurpose Service Robot for Nursing Homes"
• Prosjektet blir leia av PPM Robotics AS i Trondheim
• Prosjektleiar: Trygve Thomessen, dagleg leiar i PPM Robotics AS
• Samarbeidspartnarar: Nord universitet, Eötvös Loránd University (Ungarn) og DLM Kft (Ungarn)

Les meir: PPM Robotics AS - MuSeRo

Contact person