Fakultet for sjukepleie og helsevitskap har nyleg fått ein ny professor: Sine Maria Herholdt-Lomholdt. Det er ein tradisjon at dette blir markert med at professoren held ein tiltredelsesforelesning med tema frå forskingsfeltet sitt.
I samband med dette har fakultetet den gleda å invitera til open forelesing.
Estetikken til omsorga som innovativ kraft
Tittelen på tiltredelsesforelesning er: Korleis kan estetikken til omsorga utviklast og utgjera ei innovativ kraft hos sjukepleiarar i helse- og omsorgstenesta i framtida?
I denne forelesinga får me først og fremst eit innblikk i Sine Marias forsking, betydninga av estetikken til omsorga og korleis det nettopp kan utgjera ei innovativ kraft i dagens helseteneste
Hilde Munkeby, faggruppeleiar
Tematikken byggjer på doktorgradsavhandlinga til professoren frå 2019: "Skønne øjeblikke i sygepleje - en kilde til innovation? en fænomenologisk og dialogisk aktionsforskningsundersøgelse af skønne øjeblikkes natur og mulige forbindelser til en sygeplejefaglig udviklings- og innovationspraksis."
Har jobba med estetikk både som forskar og i sitt arbeid med praksis
Sine Maria Herholdt-Lomholdt har, som forskar, jobba spesielt med omsorg som fenomen i sjukepleie. Ho har hatt eit overordna fokus på korleis omsorg "viser sig og erfares i sygeplejepraksis, i mødet mellom sygeplejerske, patient og pårørende» (Rapport frå sakkunnig vurderingskomité, s.1). Sakkunnig vurderingskomité peikar på tre søyler som femnar Herholdt-Lomholdts omsorgsforsking:
- Estetikken til omsorga i ein sjukepleiefaglig kontekst
- Utvikling av- og danning til omsorgsestetisk praksis i sjukepleie.
- Fenomenologi som tilgang i omsorgsestetisk forsking.
Meir informasjon om arrangementet:
Tiltredelsesforlesning - opprykk som professor - Sine Maria Herholdt-Lomholdt (nord.no)