Fire minutt - og forskarane skal på eit engasjerande og forståeleg vis fortelje publikum kva dei forskar på, og kva dei så langt har funne. Det er essensen av Forskar Grand Prix.
Det byrja med 40 søkjarar frå alle fakultet ved Nord universitet. Ti av dei fekk vere med på eit kurs i presentasjonsteknikk og forskingsformidling, før det tysdag kveld denne veka var semifinale med fem deltakarar på Stormen, Sinus i Bodø.
– Eg går for gull
Hedvig Flaten Lie og Maria Klaussen Herset fekk flest stemmer, og går vidare til finalen i Oslo laurdag 28. september.
Herset er både glad og rørt over at ho fekk ein av dei to vinnarbillettane.
– Eg er kjempeglad og rørt over at så mange har stemt på meg. Då eg vakna i dag tidleg (onsdag, red.anm.) hadde det rent inn med meldingar – over hundre frå heile landet. Eg vart berre sånn "wow", fortel ho på veg frå Bodø og heim til Nesna.
Ikkje minst føler ho at heile lokalsamfunnet i Nesna har stilt opp for ho. Det set ho stor pris på. Spesielt at mange er opptekne av forskinga hennar.
Herset forskar på nivåinndelinga i norsk skule, og kva den gjer med meistringskjensla til barna. I Forskar Grand Prix presentert med tittelen "Den blå eleven".
– Nivåinndeling er ikkje det beste for alle, viser forskinga mi. Alle elevane skal oppleve meistring i løpet av skuledagen – i alle fag, heile tida. Det må vi legge til rette for, seier universitetslektoren med matematikk som fag.
Finalen i Olso laurdag har eit anna opplegg. Noko som gjer at Herset og Lie må øve inn nye fire minutt om forskinga si. Herset ser nye moglegheiter.
– Då kan eg gå meir i djupna på forskinga mi, som nærmar seg å bli ferdig, fortel ho.
– Har du eit mål med deltakinga di i Forskar Grand Prix?
– Ja, eg har fleire mål. Hovudmålet er å bidra til å gjere forskinga tilgjengeleg for alle. Difor er det veldig bra at Forskar Grand Prix finst. Eg har òg eit mål om å framsnakke arbeidsplassen min, Nord universitet – og Nesna, fortel ho.
Avstemminga:
- Totalt 433 stemmer under seminfinalen
- Maria fekk hele 5,9 i poengsnitt (av 6,0 mogleg) og 55 prosent av stemmene
- Hedvig fekk 4,7 i poengsnitt (og 12 prosent av stemmene)
- Alle kandidatane fikk 4,2 eller meir i snittkarakter
Vil ha meir leik
Hedvig Flaten Lie vil ha meir leik i skulen – og i sine fire minutt snakkar ho om forskinga si rundt "Kva skjer når pultane vert kasta ut av klasserommet?".
– Når leika du sist? Det er kanskje ei stund sidan. Spør vi barn i skulen får vi same svar, for leiken forsvinn mellom barnehage og skule. I forskinga mi undersøker eg om leik kan bidra til auka læring, fortel Lie.
Ho byggjer mykje av arbeidet sitt på skulebesøk.
– Ein klasse eg besøkte startar kvar dag med fri leik. Læraren fortel om betre klassemiljø, meir fornøgde elevar, mindre klaging, og at dei lærer i same tempo.
– Interessa for dette temaet har eksplodert sidan eg hausten 2023 starta forskinga mi om leik. Fleire skular satsar meir på leik, og temaet vert debattert. Det er motiverande å sjå og høyre, då det er ein styrke at fleire ser på same sak. Det er eit spennande og viktig tema, seier ho.
Nett som Herset, vakna også Lie til ei straum av gratulasjonar.
– På pauserommet på jobb i dag var det full jubel. Det er så gøy. Eg har høyrt frå både kollegaer, vener og familie, fortel ho.
Ho og Herset reiser til Oslo fredag føremiddag for å gjere seg klare til finalen laurdag.
– Det blir øving for å halde begge presentasjonane varme. Eg kjem til å halde fram med å formidle forskinga mi. Eg synes det er viktig at ho kjem ut til folk og samfunn, seier ho.