Det var Oslo som lokka ungguten Anders Lindseth, født og oppvokst i Bodø. Og med en bestefar som før Soløyvannsveien vart bygd, sette opp ei hytte som professor emeritus Lindseth ved Nord universitet i dag har i eiget sitt. No med veg. Og berre ein fem til ti minutt lang spasertur frå bilen og til hyttedøra – og 15 minutt køyretur til Nord universitet.
I kvardagen bur 78-åringen med kona si i München, Tyskland. Når han då ikkje reiser til Tromsø, Bodø, Umeå, Wien, København – eller andre stader, for å forelesa.
– Stor oppleving
Turen til Umeå ei helg i oktober, var ikkje for å forelesa, men for å bli heidra for sitt lange og breie virke i akademia. For å bli heidra for forskinga si, som altså fekk den spede starten sin då ungguten Lindseth reiste til Oslo for å utdanne seg i faga filosofi, psykologi og matematikk ved Universitetet i Oslo.
– Det var ei stor oppleving. Seremonien var veldig høgtideleg, og etter at me vart presenterte for publikum på svensk, så vart promosjonsseremonien gjennomført på latin, forteller Lindseth.
Ikkje verre latin enn at han følgde med. Så har han også brukt heile sitt yrkesaktive liv i akademia i Noreg, Sverige og Tyskland. Noko som var den direkte årsaka til at Umeå universitet ønskte å heidra bidraget hans til utdanning og forsking.
Ei stadfesting
Sjølv kjenner han at heideren er ei stadfesting på at dei akademiska arbeida hans har vorte lagde merke til og anerkjende.
– Då eg jobba i Tromsø, kom eg tidleg på 90-talet frå filosofisk institutt til det medisinske fakultetet ved universitetet. Dei trong nokon som kunne undervisa ved Avdeling for sjukepleievitskap i etikk og forskingsmetode. Her trefte eg professor Astrid Norberg frå Umeå universitet. Ho trekte meg med i etikkforsking og saman utvikla me ein forskingsmetode som framleis blir brukt. Det var nok dette arbeidet som gjorde at dei ønskte å heidra meg. Det er på mange måtar tilfredsstillande at forskinga vår fekk noko å seia og ikkje er gløymt, seier Lindseth.
Han er av og til framleis å sjå i gangane – både ved Nord universitet campus Bodø og andre universitet.
– Eg har hatt eit aktivt og spennande liv i akademia. Eg pensjonerte meg i 2013. Men eg har ikkje lagt inn årane. Eg skriv og eg foreles framleis i forskingsmetode og praktisk filosofi, og eg er opponent ulike stader, sist mai i København og før det i desember i Århus, fortel han.
Vel og merke når han ikkje er heime i München med kona som han trefte då han var stipendiat i Tübingen i Tyskland på slutten av 70-talet. Eller på hytta ved Soløyvannet.
Æresdoktor er ein innehavar av ei doktorgrad som er tildelt utan doktoravhandling eller disputas, men som heidersteikn frå eit universitet. Føresetnaden for å bli utnemnd til æresdoktor er ein viktig vitskapleg innsats eller framifrå arbeid til gagn for vitskapen, eller at det er vist framifrå innsats innanfor kunst og kultur.
Kjelde: Store norske leksikon, NTNU