Forskingsprosjektet The NEON Young Norway Study samlar historier om betring – recovery – med Kristin Berre Ørjasæter som prosjektleiar.
Ørjasæter er ein forskar med stort engasjement for ungdoms psykiske helse. Ho mottok forskingsprisen ved Nord universitet for 2024 og har fått 16 millionar kroner til eit stort forskingsprosjekt om ungdoms betringshistorier – reisa deira gjennom og tilbake etter utfordrande tider.
Meistrings- og betringshistorier – ikkje solskinshistorier
– Nokre som høyrer ordet recovery, tenkjer kanskje at dette handlar mest om tilfelle der det har gått ganske bra?
– Dei fleste historiene inneheld òg element av dårlege erfaringar. Det kan handle om oppfølging og behandling som ikkje har fungert, svik frå vener, familie eller anna nettverk, lovnader som ikkje har blitt haldne, mistillit, mobbing og overgrep, seier Ørjasæter.
Eit lett tilgjengeleg verktøy for å forstå meir om eiga og andre sin situasjon.
Kristin Berre Ørjasæter om å samle inn meistrings- og betringshistorier
– Kvifor treng vi slike historier?
– Målet med betringshistorier er å synleggjere erfaringar og gje idear om kva ein sjølv kan prøve. Vi ønskjer eit mangfald av kva ungdom sjølve seier har fungert. Historiene kan òg sjåast som «verktøy» for å handtere utfordringar, noko som gjer dei betre rusta til å gjere noko med problema sine sjølv.
Korleis kan dette hjelpe folk med sine utfordringar?
– Dei som har slike historier, har gjerne ein kompetanse på kva som kan vere nyttig. Denne kompetansen er kanskje ikkje godt nok utnytta i dag. Vi ønskjer å anerkjenne denne kompetansen og ressursane dei har for å hjelpe andre. Dette kjem sjølvsagt dei som slit til gode, men òg unge som ønskjer å hjelpe andre, seier Ørjasæter.
Utviklar spel og annan multimedia
Ei av delstudia i NEON Young Norway Study er å lage dataspel om korleis unge har klart å meistre eller bli betre frå psykiske helseplager.
– Kvifor valde dykk å satse på dette?
– Vi skal bruke både spel- og filmstudentar som er bachelorstudentar ved Nord universitet. Dei bruker eit utval historier frå unge som inspirasjon til å utvikle spel og interaktive medium. Spel og andre visuelle uttrykk er sterke verkemiddel som opnar for interaktiv læring. Kanskje når vi fram til ungdom på ein annan måte, seier Ørjasæter.
Historiene er anonymiserte og brukte med samtykke frå eigarane.
Eit tilbod betre tilpassa dei unge
– Når prosjektet er ferdig hausten 2027 – kva skal det resultere i?
– Vi har avdekt eit stort behov for innovasjon i arbeidet med unge. Vi treng å utvikle tilbodet slik at målgruppa kan oppleve at det faktisk verkar. Dette er tenkt som eit supplement til dei støtte- og oppfølgingstilboda som allereie finst.
– Korleis heng dei ulike delane av prosjektet saman?
– Ved å anerkjenne ungdoms kompetanse og erfaringar, framheve meistrings- og betringshistoriene deira, og bruke dataspel og film for å formidle desse historiene, er målet å auke kunnskapen om slike historier og utvikle digital psykisk helsestøtte tilpassa unge med psykiske plager, seier ho.
Eit stort og banebrytande forskingsprosjekt
Forskarar møter mange krav når dei skal skaffe finansiering til forskingsprosjekta sine. Når Kristin Ørjasæter har vore med på å sikre 63 millionar kroner frå Forskningsrådet og andre instansar dei siste 2–3 åra, ligg det eit stort arbeid bak. Enda viktigare er det å jobbe på rett måte.
– Å lykkast er ofte eit resultat av å ha ein innovativ idé, skrive ein god søknad og «treffe utlysinga» eller behova i samfunnet, seier Ørjasæter.
– Kor stort er prosjektet?
– Vi er over 20 personar tilknytt NEON Young Norway Study. Halvparten er forskarar, og resten er tilsette i Åfjord og Snåsa kommune, Mental helse ungdom og eit ungdomspanel som har jamlege møter. Dette er eit stort samarbeidsprosjekt der vi saman bidreg med ny kunnskap.
– Korleis byrja det heile?
– Arbeidet med prosjektet starta etter eit besøk frå Mike Slade og Fiona Ng frå Recovery Research Team ved Nottingham University. Dei presenterte The Narrative Experience Online Intervention (NEON), ein engelsk studie som har samla inn historier om betring frå psykiske lidingar. Dei inkluderte historiene i ein nettapplikasjon utvikla for personar med psykose eller andre psykiske lidingar, samt for omsorgspersonane deira.
– Inspirert av dette fekk eg ideen om å samle inn meistrings- og betringshistorier frå unge med psykiske plager for å gi helsestøtte til andre unge som slit psykisk. Ved å få tilgang til andres meistrings- og betringshistorier kan nye eller andre løysingar enn ein sjølv har tenkt på, kome fram. Unge kan dermed få eit lett tilgjengeleg verktøy for å forstå meir om eiga og andre sin situasjon, og kanskje òg finne måtar å meistre livssituasjonen sin på. Nokre av ungdommane i prosjektet har samisk bakgrunn, seier Ørjasæter.
Etikk og personvern – viktige fokus
– Kva har vore mest utfordrande så langt?
– Sjølv om godkjenningane er på plass, er forskingsetikk eit tema på nesten kvart einaste møte i prosjektet. Eitt døme er korleis ein skal framstille sensitive og tabubelagde tema som sjølvmordsproblematikk, overgrep og mobbing, i spel- og interaktive medium. Vi må vere medvitne om kva vi gjer, slik at det vi produserer opplevast hjelpsamt og ikkje bidreg til å forverre unges psykiske helse.
– Vi har fått løyve til at unge som ønskjer det, kan bruke fornamnet sitt eller eit kallenamn, men vi har hatt mange diskusjonar om dette undervegs. Det handlar om personlege meistrings- og betringshistorier, og dei må behandlast på ein trygg måte. I forskarteamet, i Mental helse ungdom og i etiske komitear har det vore mange meiningsutvekslingar kring dette. Samtidig har vi ansvar for å vise unge deltakarar kva konsekvensar valet deira kan få.
– Kor i prosjektet er dykk no?
– Akkurat no handlar det mest om datainnsamling. Det tok lang tid å få det etiske på plass – det er mykje personopplysningar som må handterast. Vi ønskjer historier frå ungdom mellom 16 og 30 år, og det får konsekvensar for korleis vi samlar inn data.
– Unge personar med psykiske helseplager blir ofte definert som ei sårbar gruppe. Personar med samisk bakgrunn blir òg ofte rekna som sårbare, noko som mellom anna heng saman med diskrimineringa denne gruppa har vore utsett for gjennom historia.
Om du vil gå fort, gå aleine. Om du vil gå langt, gå saman med andre.
Kinesisk ordtak, sitert av Ørjasæter i intervjuet.
The NEON Young Norway Study
Forskingsprosjektet The NEON Young Norway Study samlar historier om betring – recovery.
Prosjektet arbeider for å:
- Kartleggje egenskapane til recoveryhistoriene
- Forstå og bruke recoveryhistorier
- Undersøkje den umiddelbare verknaden og krafta av recoveryhistorier
- Utvikle spel og interaktive historier basert på innsamla recoveryhistorier
Prosjektet går i perioden 1. oktober 2023 - 30. september 2027
Finansiering: Norges forskningsråd (NFR). Budsjett: NOK 16 mill.
Prosjektet har ambisjon om å skape ei digital plattform skreddarsydd for unge menneske som opplever psykisk uhelse. Eit mål er òg å bidra med ny kunnskap.