Satsingsområde: Blå og grøn vekst

Nord universitet skal vere ein drivkraft for det grøne skiftet gjennom forsking og utdanning innanfor blå og grøne fagfelt.

Nord universitet er blant dei leiande innan forsking og utdanning knytt til naturressursar. Desse ressursane bidrar til berekraftig utvikling av det grøne skiftet og ein sterk sirkulær økonomi.

Nord universitet er lokalisert i ein region med rikt naturgrunnlag, betydelige primærnæringar og framtidsretta industri. Universitetet skal prioritere utvikling av ny grunnleggande kunnskap om natur, bioteknologi, verdiskaping og sirkulære økonomiske system.

Forskning og utdanning innan blå og grøn vekst fører til auka matproduksjon og matsikkerheit. Nord universitet sitt nedslagsfelt dekker 40 prosent av Norges kystlinje og spelar ei viktig rolle innan marin matproduksjon.

Effektane av klimaendringane er sterkare i nordområda enn i resten av verda, og gjer dermed Nord universitet si geografiske lokalisering spesielt viktig. For å nå nasjonale og internasjonale mål er forsking innan blå og grøn vekst avgjerande når det gjeld auka grad av matressursar og for å avgrense menneskeleg avtrykk på klima og miljø.

Blå og grønn vekst

Forskningsprosjekt knytt til blå og grøn vekst

  • Mål for prosjektet: Kartlegge optimale soner for marine verneområde (MPA) i europeiske hav.

    Prosjektleiar: Mark John Costello

    Finansiering: Horizon Europe

    Tidsperiode: Januar 2023 - April 2026

    Les meir om MPA Europe

  • Mål for prosjektet: Undersøke kva rolle epigenetikk har på villfanga fisk som skal tilpasse seg ein oppdrettssituasjon.

    Prosjektleiar: Jorge Manuel de Oliveira Fernandes

    Finansiering: European Research Council

    Tidsperiode: 2016-2020

    Les meir om EPIFISH

  • Mål for prosjektet: ARCTAQUA har som hovudmål å promotere utviklinga av berekraftig oppdrett i den arktiske regionen.

    Prosjektleiar: Ørjan Hagen

    Finansiering: Kolarctic CBC, EU, Russland, Norge, Sverige og Finland

    Les meir om ARCTAQUA

  • Prosjektets mål: Målet med prosjektet er å redusere klimagassutslipp fra fjøs ved å omdanne metan til karbondioksid gjennom katalytisk forbrenning av metan produsert av storfe.

    Prosjektleder: Geir Næss

    Finansiering: Norges forskningsråd

    Tidsperiode: 2019-2022

  • Prosjektets mål: Målet med prosjektet er å utvikle bioteknologi som signifikant forbedrer metoder for stamfiskforvaltning og forsterke den reproduktive seleksjonen av utvalgte arter.

    Prosjektleder: Jorge Galindo-Villegas

    Finansiering: Horisont 2020 og Norges forskningsråd

    Tidsperiode: 2020-2023

    Les mer om BestBrood

  • Prosjektets mål: Studere holdninger til og håndtering av mineralavfall som ressurs.

    Prosjektleder: Annelin Seppola

    Finansiering: Norges forskningsråd

    Tidsperiode: 2020-2024

Utdanning

Studieprogramma på Fakultet for biovitskap og akvakultur er i høg grad relatert til blå og grøn vekst.