Faggruppe for pedagogikk og spesialpedagogikk

Faggruppa utdannar studentar innan pedagogikk og spesialpedagogikk, og vi bidreg med pedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse i praktisk-pedagogiske utdanningar, lærar- og barnehagelærarutdanningane.

Faggruppa tilbyr i tillegg ei rad ulike vidare- og etterutdanningstilbod. På faggruppa er vi opptekne av samarbeid med praksisfeltet, og dei tilsette er utviklingspartnarar gjennom praksisordningane og dei statlege ordningane REKOM, DEKOM og Kompetanseløftet i spesialpedagogikk​. 

Tilsette på faggruppa driv også mykje forskings- og formidlingsaktivitet. Faggruppa bidreg til at fakultetet utdannar dyktige pedagogiske og spesialpedagogiske profesjonsutøvarar som skal utvikle utdanningsarenaer for framtidas samfunnsborgarar.

Faggruppa i tal:
Det er om lag 76 vitskapeleg tilsette som er tilknytt faggruppa​.

Faggruppeleiar: Marina Yurievna Prilutskaya

To hender som møtes.

Forskingsgrupper