Disputas: Atle Hole Sæterbakken (FLU)

Atle Hole Sæterbakken disputerer 7. desember 2018 for graden doctor philosophiae.

Startdato:

07 desember 2018 09:00

Sluttdato:

07 desember 2018 15:30

Sted:

Levanger; Raudsalen i Nylåna

Ustabilitet i styrketrening 

Atle Hole Sæterbakken disputerer om akutte- og langtidseffekter av ustabilitet i styrketrening. I sitt arbeid undersøker han ulike måter å implementere ustabilitet for utrente og trente i forhold til muskelaktivering, treningsframgang samt andre effekter.   
Sæterbakken disputerer 7. desember 2018 for graden dr. philos ved Nord universitet, Levanger.

Atle Hole Sæterbakken har mastergrad i idrettsvitskap frå Høyskolen i Agder (no Universitet i Agder) frå 2007 kor han i masteroppgava fordjupa seg i effekten av slyngetrening blant handballspelarar.  

Sæterbakken har bakgrunn som aktiv idrettsutøvar og har arbeidet i undervisningsstilling ved institutt for idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane/Høgskulen på Vestlandet frå 2007. En stor del av arbeidet her har vore relatert til forskingsprosjekt knytt til styrketrening for ulike idrettar (fotball, handball, klatring og styrkeløft), folkehelseprosjekt (eldre og nakke-skulder pasientar) samt ulike styrketreningsmodaliteter (variabel motstand, treningsfrekvens, biomekanikk og utstabilitet).  I tillegg har han undervist i emne knytt til treningsfysiologi, treningslære og aktivitetslære. Sæterbakken har også vore vegleiar for eit 20-tals masteroppgåver. 

Tittel på avhandlinga:
Acute and chronic effects of instability in resistance training. 

Tema for prøveforelesningen over selvvalgt emne:
Core training and performance

Tema for prøveforelesningen over oppgitt emne:
Effects of resistance training on neural mechanisms for developing muscle strength

Om avhandlingen

Ustabilitet i styrketrening har auka i popularitet dei siste to ti-åra og brukast i dag i rehabilitering, skadeførebygging, betring av generell helse og blant idrettsutøvarar. Ustabilitet i styrketrening kan forklarast som balansetrening med motstand. Det er ei rekkje ulike måtar å implementere ustabilitet i styrketrening. Dei mest vanlege er  å auke antal fridomsgrader (f. eks trene med fri vekter framfor treningsmaskiner) eller å endre underlaget (frå stabilt golv til ein ustabil pute). Målemetodane som er mest nytta i doktorgradsarbeidet er kraftutvikling (studie II, IV og V) samt overflate elektromyografi av primærmuskulaturen  (studie I-IV) og mage- og rygg regionen (studie I-III) i øvingane sit-ups, knebøy og roing med ulike grad av ustabilitet. Auka forståing av effekten av å bruke ustabilitet i styrketrening, kan betre praksisen blant idrettsutøvarar, befolkninga generelt og pasientar med muskel-skjelettlidingar som korsryggsmerter. 

I studie I vart 10 repetisjonar med sit-ups uten motstand (absolutt motstand) og med maksimal motstand (relativ motstand) nytta for å undersøke muskelaktiveringa av dei overflatiske magemuskalane under fire ulike stabilitetskrav. Dei to ulike metodiske målemetodane (absolutt og relative motstand) gav ulike funn og dermed ulike konklusjonar om effekten av ustabilitet. 

I studie II vart muskelaktiviteten under ein-og tofots knebøy undersøkt på stabilt og ustabilt underlag blant trente forsøkspersonar. Ustabilitet førte til ein nedgang i motstand samanlikna med stabilt underlag. Vidare viste dei ulike muskelgruppene både fordelar og ulemper mellom ein-og tofots knebøy medan ulike underlag hadde liten effekt på muskelaktivteten.  

I studie III vart tre ulike ro-øvingar med ulikt krav til stabilitet undersøkt. Alle øvingane vart utført med ein og to armar. Resultata viste at to-arms roing gav større muskelaktivitet i korsryggmuskalane enn ein-arms, men at dei skrå magemusklane gav større aktivitet i ein-arms øvingane, medan den rette magemuskelen ikkje vart påverka av modalitetane. Framoverbøygd frivekts-roing gav større muskelaktivitet enn øvingar i apparat for korsryggmuskulaturen. 
I studie IV vart korttids- og langtids effekten av å trene med ulike stabilitetskrav blant utrente undersøkt. Resultata viste ein stor korttids effekt (fyrste tre vekene) i styrke, mens ingen treningsgruppe viste større langtidseffektar (over sju veker) enn dei andre gruppene til tross for ulike stabilitetskrav, men spesifikke adapsjonar i høve til spenst for den mest ustabile treningsgruppa, vart observert

I studie V vart treningsspesifisitet og tidsforløpet for adapsjonar undersøkt i benkpress med ulike stabilitetskrav. Dei to mest ustabile treningsgruppene viste spesifikk framgang i dei øvingane som vart trent, medan den mest stabile treningsgruppa viste overføringsevne til ei brystøving ingen av gruppene trente Den største framgangen skjedde i dei fyrste treningsvekene der størst framgang vart observert i øvingane med størst grad av ustabilitet.



Startdato:

07 desember 2018 09:00

Sluttdato:

07 desember 2018 15:30

Sted:

Levanger; Raudsalen i Nylåna