Disputas: Ingvill Bjørnstad Åberg (FLU)

Ingvill Bjørnstad Åberg er universitetslektor ved fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag. Hun disputerer for ph.d. i studiar av profesjonspraksis 14. januar 2022.

Startdato:

14 januar 2022 10:00

Sluttdato:

14 januar 2022 16:00

Sted:

Nord universitet, Levanger (Storsalen)
​​​​​​​​​​Om kandidaten:
Ingvill Bjørnstad Åberg har vore tilsett som stipendiat ved Nord universitet sidan 2016, og som universitetslektor sidan 2021. 

Ho har​ masterg​rad i anthropology of development frå Universitetet i Bergen i 2010, og har seinare tatt etterutdanning i norsk som andrespråk. 

​Ingvill Bjørnstad Åberg har arbeidd i administrasjonen ved Universitetet i Bergen, og undervist norsk som andrespråk i kommunal vaksenopplæring. 

Tittel på avhandlinga:
Othering in the age of diversity: Cultural, ethnic and racial categorisations in policy and social studies education

Tittel på prøveførelesinga:
Mellom personlig trygghet og intellektuell utrygghet: hvordan skal en ubehagspedagogikk praktiseres i et mangfoldig klasserom i Norge?

Samandrag av avhandlinga:
I ein spent global samtale om kulturelle, etniske og rasemessige kategoriseringar, og i lys av auka medvit i norsk skule omkring pluralitet i det norske samfunnet, er spørsmål om korleis kultur blir framstilt, oppfatta og handsama i skulen, påtrengande. Gjennom eit kritisk og postkolonialt teoretisk rammeverk, utforskar denne avhandlinga korleis kultur, etnisitet og rase er verksame i utdanningspolitikk og samfunnsfag, og diskuterer implikasjonar for utdanning for demokratisk medborgarskap.

Gjennom tre artiklar blir kulturelle, etniske og rasemessige kategoriseringar utforska frå ulike vinklar: Artikkel I analyserer ein utdanningspolitisk diskurs om «mangfald»; artikkel II utforskar samfunnsfaglærarar sine perspektiv på elevane sine kulturelle bakgrunnar; og artikkel III diskuterer teoretisk ulike inngangar til å gripe diskursiv praksis som ein undertrykkande mekanisme i skulen.

Blant funna er ein diskurs som vidarefører ei framstilling av innvandra elevar som dei som skapar mangfald, annengjerande førestillingar om norsk kulturell likskap, og tendensar til ei fargeblind tilnærming til kultur i samfunnsfagundervisninga. Samtidig fann ein også tendensar blant lærarar og i den politiske diskursen, til å utfordre smale førestillingar av norskheit. Funna i artiklane gir viktig nyanse til diskusjonen om korleis samfunnsfaglærarar kan utfordre urettferdigheit på grunnlag av kultur, etnisitet eller rase.

I det siste kapittelet diskuterast funna i lys av perspektiv på utdanning for demokrati. Det visast korleis kulturell likskap blir knytt til medborgarskapsomgrepet, og korleis dette gjer at kulturell «annleisheit» blir framstilt som ei demokratisk utfordring. For å kunne utfordre ei kulturalisert førestilling av norsk medborgarskap, og streve etter like demokratiske moglegheiter for alle elevar, argumenterast det for at vi treng eit teoretisk og samfunnsfagdidaktisk rammeverk for å handtere ubehaget som kjem når den førestilte kulturelle likskapen blir forstyrra.

Oversikt over avhandlingas artiklar: 
​Artikkel I
Diversity is the others: A critical investigation of 'diversity' in two recent education policy documents. Intercultural Education, 31(2), 157-172. https://doi.org/10.1080/14675986.2019.1702294​  

Artikkel II
Imagined sameness or imagined difference? Social studies teachers’ perceptions of students’ cultural backgrounds. 
Akseptert for publisering  i Journal of Social Science Education

Artikkel III 
How the notion of epistemic injustice can mitigate polarisation in a conversation about cultural, ethnic and racial categorisations. 
Under vurdering 

Rettleiarar: 
  • ​Professor Erik Christensen, Fakultet for samfunnsvitenskap, Nord universitet

  • Førsteamanuensis Carla Chinga-Ramirez, Institutt for pedagogikk og livslang læring, NTNU
Bedømmingskomité:
  • ​Førsteopponent: Professor Maria Olson, professor i fagdidaktikk ved Institutionen för de humanistiska och samhällsvetenskalige ämnenas didaktik, ved Stockholms universitet. 

  • Andreopponent: Professor Hanne Riese, Institutt f​or pedagogikk, Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, Høgskolen i Innlandet

  • Leder: Professor James McGuirk, professor i filosofi ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, Nord universitet. 
​Tidspunkt for prøveforelesing: 14. januar 2022 kl. 10.00

Tidspunkt for disputas:
14. januar 2022 kl. 12.00

Stad:
Nord universitet, Levanger: Storsalen  

Prøveforelesing og disputas er offentleg, men på grunn av smitteverntiltak er talet på plassar til publikum avgrensa. Det tillatast maksimalt 50 personar i alt i auditoriet.​

Avhandlinga er tilgjengeleg for gjennomsyn hos seniorrådgivar Geir Fjeldavli – geir.o.fjeldavli@nord.no


Startdato:

14 januar 2022 10:00

Sluttdato:

14 januar 2022 16:00

Sted:

Nord universitet, Levanger (Storsalen)