Dato: Måndag 3. oktober
Stad: Nord universitet, studiestad Bodø
Auditorium Elsa Laula Renberg (A12)
Tittel på avhandlinga:
«Til barnets beste – ein studie av avgjerdsprosessar og problemløysing i det kommunale barnevernet»
Tittel på prøveførelesning:
«Barnevernet er ein kjerneteneste i velferdsstaten. Drøft korleis lokale og nasjonale kontekstar vil kunne virke inn på avgjerdsprosessar og problemløysing i det kommunale barnevernet.»
Hovudrettleiar:
Professor Per Måseide,
Nord universitet
Medrettleiar:
Førsteamanuensis Roger Hestholm,
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Bedømmelseskommisjon:
- Professor Nanna Mik-Meyer (førsteopponent),
SFI – The Danish National Centre for Social Research - Professor Halvard Vike (andreopponent),
Høgskolen i Sørøst-Norge - Professor Reidun Follesø (koordinator),
Nord universitet, FSV
Samandrag
I avhandlinga utforskar Jørgensen avgjerdsprosessen i barnevernssaker i det kommunale barnevernet. Eit feltarbeid over tolv månader med observasjon og uformelle samtalar med barnevernsarbeidarar i tre ulike barnevernstenester dannar utgangspunktet for analysane. Avhandlinga gir innsikt i arbeidskvardagen til barnevernsarbeidarane, kva dilemma dei møter på i arbeidet og korleis dei tek avgjerder.
Eit generelt barnevernsfagleg prinsipp for avgjerdsprosessen i ei barnevernssak er at denne skal bygge på grundige undersøkingar. Informasjon og opplysningar om alle relevante sider ved eit barnevernsproblem skal vere med i dei faglege vurderingane av kva tiltak som kan passe, og barnevernsarbeidarane sin profesjonelle kunnskap om barns behov skal sikre at vurderingar av denne informasjonen fører til riktige avgjerder.
Avhandlinga viser at innhaldet i den informasjonen og dei opplysningar som finst i ei barnevernssak ikkje er innlysande, men blir til gjennom omfattande forhandlingar mellom ei rekkje ulike deltakarar gjennom ein avgjerdsprosess. Avhandlinga viser korleis slike forhandlingar oppstår internt i barnevernskollegiet, i møte mellom barnevernet og familien og i møte mellom barnevernsarbeidar og andre profesjonelle, som advokatar og psykologar. Interessemotsetnader og profesjonelle statushierarki gjer seg gjeldande i desse møta, og det kan somme tider bli kamp mellom partane om definisjonsmakta.
Om Tone Jørgensen
Tone Jørgensen er tilsett ved HiSF, Avdeling for samfunnsfag. Ho har vore stipendiat og høgskulelektor ved Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie.