Det 13. møtet i Enokseminaret: Virtus et Humanitas

Førestellingar om danning, dygder og verdiar i den gresk-romerske, kristne og jødiske kulturen i tida rundt det første hundreåret e.v.t. Stor internasjonal og tverrfagleg konferanse i Bodø 29. mai - 3. juni 2022.

Startdato:

29 mai 2022 16:30

Sluttdato:

03 juni 2022 13:30

Sted:

Bodø
​​​​​​​​​​​​​​Virtus et Humanitas: Virtues and Values in Greco-Roman, Jewish and Christian Paideia at the Turn of the Common Area.​​​​

​I juni 2022 vil det bli arrangert ein stor internasjonal og tverrfagleg forskarkonferanse ved Nord universitet om danning, dygder og verdiar i fortid, notid og framtid. 

Det er mange som har forska på danning i den greske antikken og kulturane rundt Middelhavet i tida kring det første hundreåret, men det er skrive lite om verdiar. Dette er underleg med tanke på at verdiar og danning alltid har spela ei grunnleggjande rolle i utdanning.

Verdiar kan generelt verte knytte til oppfatningar om det gode livet, og dei kjem til uttrykk i  normer i kulturen. Desse normene formar og stør oppfatningar vi har av oss sjølve, men òg av medmenneska våre, i religion og i sekulære livssyn. 

Verdiar bind samfunn og epokar saman over tid, samstundes som dei sjølve òg er bundne historisk og kontekstuelt. 

Gresk-romersk, jødisk og kristen litteratur frå antikken speglar omfattande diskusjonar om dygdene eller eigenskapane ved eit menneske og korleis ein skal dyrke dei fram hjå enkelmennesket. Seminaret skal sjå nærare på desse diskusjonane og utforska dei både når det gjeld innhald og måtar kunnskap og verdiar vert ført vidare frå den eine generasjon til den andre.

Drøftingane vil finna stad som tverrfagleg drøftingar mellom fagfolk frå pedagogikk på den eine sida og litteratur - og historieforskarar som har arbeidd med antikken på den andre.  

På seminaret vil ein difor  både arbeide med primærkjelder og det desse kjeldene seier om verdiar og samanhengane dei stod i. Deretter skal forskarane sjå korleis ein ev. kan  generalisere kunnskapen om desse verdiane og om ein kan få hjelp av og eller utfordre dagens danningsteoriar ved hjelp av dei. 

Seminaret i 2022 i Bodø skal særleg gå inn i studiar av:
1. Gresk og romersk filosofi
2. Gresk og romersk historie
3. Den jødiske (hebraiske) bibelen
4. Dei pseudeprafiske skriftene («mellom-testamentlege»)
5. Skriftene frå den jødiske filosofen Filon frå Alexandria og historikaren Josefus
6. Det nye testamentet
7. Pedagogikk

Seminaret i 2024 vil etter alt å rekne finne stad i Bodø med materiale frå:
1. Klassisk arkeologi, inskripsjonar (epigrafi) og myntar (numismatikk)
2. Skrifter i tilknyting til skrifter i Det nye testamentet (apokryfar)
3. Kyrkjefedrane (patristikk)
4. Gnostisisme
5. Rabbinsk litteratur
6. Tidleg islamsk litteratur

I etterkant av seminara er det planlagt publikasjonar av hovudinnlegga, svarinnlegga og frå kortar presentasjonar («short papers»). 



Startdato:

29 mai 2022 16:30

Sluttdato:

03 juni 2022 13:30

Sted:

Bodø

 Kontaktperson