Dette vil studentane at Nord universitet skal satsa på dei neste ti åra

– Universitetet bør styrke samspelet mellom bachelor-, master-, og doktorgradsstudentar, seier Nord-studentleiar Emelie Johansen.

Klikk her for å endre bildet
Innspel til ny strategi: Studentorganisasjonen har på vegne av studentane kome med innspel til Nord universitet sin nye strategi. Arkivfoto: Nord universitet
I januar i år byrja Nord universitet på arbeidet med å få på plass ein ny strategiplan for dei neste ti åra. Strategi 2030 skal bli vedteke av styret like før jul, og på vegen dit er både studentar og tilsette oppmoda til å kome med innspel.

– Vi er glade for å få lov til å bidra, men det skulle jo også berre mangle. Vi er universitetets viktigaste ressurs og da er det heilt naturleg at vi vert involvert. 

Styrk koplinga både horisontalt og vertikalt

Det seier Emelie Johanne Johansen som er leiar for Studentorganisasjonen ved Nord universitet. Nyleg sende ho over studentane sine innspel til Strategi 2030 (sjå nedst i artikkelen), der dei løftar fram det dei meiner universitetet må prioritere når det gjeld mellom anna forsking og undervisning.

– Noko av det vi legg mest vekt på er at studentane må bli langt meir involvert både i forskinga og undervisninga, men også i det som skjer av overordna prosessar kring universitetet. Studentane er ein ressurs som bør bli brukt på ein betre måte. 

– Vi foreslår mellom anna at det må bli lagt betre til rette for at studentar kan delta i forskingsprosjekt, men også at koplinga vertikalt i fagmiljøa må bli styrka. Eit betre samspel mellom nye studentar på bachelornivå og til dømes master- og doktorgradsstudentar vil gi mange gevinstar. Som til dømes auka fagleg integrasjon, større nettverk og betre jobbmoglegheiter, seier Emelie. 

Styrk samarbeidet med samfunnet omkring 

Klikk her for å endre bildet
Tett på prosessen. Emelie Johanne Johansen er studentleiar ved Nord universitet. Foto: Svein-Arnt Eriksen.
Studentane peikar også på at Nord universitet bør satsa enno meir på å styrke samarbeidet med samfunnet omkring. Her peikar dei på Øvelse Nord som eit særs godt døme. 

– Måten Nord universitet evnar å kople sterke fagmiljø med andre etatar på gjennom Øvelse Nord er førebiletleg. I tråd med Nord sitt samfunnsansvar bør universitetet vidareutvikle og prioritere slike fora.

Studentleiaren fortel at dei allereie har fått positiv respons på innspela, og at studentane kjem til å være tett på prosessen også utover hausten. Sjølv sit Emelie i skrivegruppa knytt til strategiprosessen, noko som sikrar god involvering. 

Hausten – eit viktig vindauge for ytterlegare innspel

Første versjon av Strategi 2030 skal opp til behandling i styret ved Nord universitet allereie i juni. Dette er ifølgje Ketil Eiane, prorektor for strategi og omstilling, ein arbeidsversjon som dei ser for seg kan bli endra mykje før styret gjer sit endelege vedtak i desember.

– Vi trur hausten vil bli eit veldig viktig vindauge for ytterlegare innspel og medverknad, og kjem til å være opne for endringar gjennom heile prosessen.

– Eg vil difor oppfordra alle, både studentar og tilsette, som har tankar og idear til Strategi 2030 om å spele desse inn. Alle innspel er veldig viktige for oss i dette arbeidet, seier Eiane, som set stor pris på studentane sitt engasjement.