Donerte fagbøker til Universitetsbiblioteket

Universitetet i Nordland utvider fagbiblioteket i religionshistorie.

Professor emeritus Peder Borgen, NTNU (87) (biletet over, foto: Svein-Arnt Eriksen) er blant dei norske og internasjonale nestorane i forskingsfeltet omkring tidleg kristen og jødisk historie.

For nokre månedar siden fekk to av hans «disiplar», professorane Kåre Fuglseth (i biletet heilt til høgre, foto Svein-Arnt Eriksen) og Per-Jarle Bekken (biletet i midten, frå venstre) ved UiN Profesjonshøgskolen nyss i at Borgen såg etter arvtakarar for delar av si store samling av fagbøker.

Universitetet i Nordland vart samd med Borgen om ein symbolsk sum for bøkene.

- Det er ei generøs gåve vi har teke mot frå Peder Borgen. Dette er godt høve for studentane våre og dei fagtilsatte i å studere kristendomens opphav og å ause av dei tekstlege kjeldene for kristendommen i dei fyrste hundreåra etter Kristi fødsel, seier professor Per-Jarle Bekken.

Professor emeritus Peder Borgen er ein høgt respektert internasjonal forskar i kristendommens historie, den gresk-romerske verden og særleg den jødiske filosofen Filon frå Alexandria (første hundråret).

Borgen har to doktorgradar.

Den eine doktorgraden (ph.d.) tok han ved Drew University i USA i 1956, og i 1966 vart han dr. theol. ved Universitetet i Oslo.  



Frå 1973 har Borgen vore professor i Det nye testamente og religion i den gresk-romerske verden ved NTNU.

- Vi har motteke 60 kassar med bøker frå Borgens private bibliotek. Dette er eit verdifullt tilskot til samlingane våre i bibel- og religonskunnskap, stadfester bibliotekdirektør Berit Eliassen ved Universitetsbiblioteket i Nordland.

I forskargjerninga si har Peder Borgen òg vore med i studia av Dødehavsrullane.

Rullane vart funne i fleire holer på Sinai-halvøya frå 1947. Dei eldste Dødehavsrullane er frå 250 f.Kr, og omhandler mellom anna tekstar i Det gamle testamente, seinare også livsvilkåra for jødar i Israel i hundreåra før Kristi fødsel.

Borgen har dessutan forska på kyrkjehistorie og historia åt samane.

Professor emeritus Peder Borgen vart riddar av St. Olavs orden i 1998.