Magnus Brørs underviser ved ein norsk skule på NATO-basen SHAPE i Belgia. Foto: Privat. – Eg liker å undervisa i kroppsøving og har lenge hatt eit ønske om å formalisera og styrka kompetansen min i faget, seier Magnus Brørs.
Han jobbar som lærer i Halle i Belgia. Her er han tilsett ved SHAPE, ein skule ved den internasjonale NATO-basen, ikkje langt frå byen Mons.
Brørs arbeider ved den norske seksjonen og underviser elevar på 1.- 4. trinn.
Vart student ved Nord
Dette er eit studium som kvalifiserer til å undervisa i kroppsøving på 1-10. trinn i grunnskulen.
– Eg valde studiet fordi det er eit fag eg liker å undervisa i, sjølv om eg ikkje hadde studiepoeng i det frå utdanninga mi. Eg har stort sett undervist i kroppsøving kvart år sidan eg var ferdigutdanna, så eg har hatt eit ønske om å få styrkt kompetansen min i nokre år no, fortel Brørs.
Nett- og samlingsbasert
Studiet er nett- og samlingsbasert, og Brørs kombinerte studiane med jobb.
– Organiseringa med vekentlege forelesninger via Zoom til faste tider har gått fint å kombinera med jobb. Det har òg vore veldig kjekt med samlingar som har vore prega av mykje praktisk aktivitet, seier Magnus Brørs.
Han synest òg det var positivt at studiet er retta mot lærarar frå både barne- og ungdomstrinn sidan han jobbar på ein skule med elevar frå 1.-10. trinn.
Koronautfordringar
I Belgia har gymsalar og basseng vore stengde på grunn av koronapandemien. Det er derfor mykje Brørs ikkje fekk moglegheit til å prøva ut med sine eigne elevar. Likevel har han fått jobba ein god del med orientering og friluftsliv. Det har gått greitt å gjennomføra slike aktivitetar trass i avgrensingane.
– Vi har mellom anna hatt ein uteskoledag for heile skulen med hovudtema orientering, der dei eldste elevane laga kart og orienteringsløyper for dei yngre elevane, fortel Brørs.
Nyttig, fagleg påfyll
Han seier at innhaldet i studiet vore nyttig, både den praktiske biten og det som er meir teoretisk. Han trekker fram treningslære som veldig nyttig, og også moglegheita for å setja seg meir grundig inn i den nye læreplanen.
– Studiet har vore veldig nyttig, og eg anbefaler alle med interesse for faget å søka dette studiet, seier Magnus Brørs.