Grøn student, dyreven og framtidsoptimist

Peder Ingvaldsen studerer husdyrfag. Han er ikkje i tvil: i framtida vil mat- og kjøttproduksjon bli meir og meir viktig.

Bjørnar Leknes
– Vi har alltid ete mat, og vi skal alltid ete mat. Og landbruksnæringa er allereie særs framtidsretta. Difor har eg stor tru på ei lys framtid.

Det seier 22 år gamle Peder frå Salangen i Troms, som no har gjort trønder av seg. I dag bor han i Inderøy, jobbar på Mære, studerer i Steinkjer og er folkevald politikar i Namsos. I tillegg er han studentambassadør for Nord universitet, kor målet er å få fleire til å ta same utdanning.

– Eg trivst best når eg har mange jern i elden. Det gir meg mykje meir energi enn det tar, smiler han. 

Snakker mykje med dyra

Klikk her for å endre bildet
Godt lag med dyra– Når eg er i lag med dyra, snakker er mykje med dei. Eg gjer også om stemmen min, seier Peder. Foto: Bjørnar Leknes. 
Vi møter han i fjøset ved Mære landbruksskole, kor han jobbar som fjøsrøkter ved sidan av studia. På t-skjorta hass står det ”Bonde”, og han avslørar fort at han har eit utruleg godt lag med dyra. 

– Eg elskar å jobbe med dyr. Det er fantastiske skapningar som blir glad når du kjem og som set pris på å få omtanke. Når eg er i lag med dyra, pleier eg alltid å snakke mykje med dei. 

– Skal du få ein god relasjon til dei må du bry deg, være snill og kose med dei, men samtidig vise kven som er sjefen.

Ei utdanning som gjer deg attraktiv

Klikk her for å endre bildet
Aktiv agronom: Peder Ingvaldsen er agronom, husdyrfagstudent, studentambassadør og politikar. Og han elsker å være i lag med dyr. Foto: Bjørnar Leknes
Men sjølv om han har vekse opp med kyr, hestar og traktorar er det ikkje bonde han skal bli. 

– Moglegheita er så mange med denne utdanninga. Du kan jobbe med politisk landbruk, bli rådgjevar for ulike organisasjonar som TINE eller Nortura. Eller du kan ta vidareutdanning og bli veterinær. Kunnskap om dyr og natur og korleis alt heng saman kjem uansett til å være etterspurd.

– Og om vi i framtida skal fase ut oljen, må vi skape andre verdiar og arbeidsplassar. Da er det veldig viktig å bruke primærnæring og naturresursane, seier Peder. 

I løpet av husdyrfagutdanninga kjem du innom det meste, fortel han. Alt frå dyrevelferd og landbrukspolitikk til korleis du teknisk bygger moderne fjøs. 

– Du lærer noko nytt uansett om du har jobba med dyr før eller ikkje. Læringsmiljøet her er veldig breitt, og det er utruleg lett å kome i kontakt med faglærarane. Det er ein gedigen fordel, seier han. 

Topp moderne studiestad – saman med bransjen

Klikk her for å endre bildet
Moderne studiestad. – Nord universitet er eit nytt og bra universitet og her i Steinkjer er lokala topp moderne. Her får du god nærleik til faglærarane, seier Peder Ingvaldsen. Foto: Roger Grostad.
Ei anna vitamininnsprøyting er dei flunkande nye og topp moderne lokala utdanninga er ein del av i Steinkjer, kalla InnoCamp. 

Her er universitetet samlokalisert med ei rekkje bransjeaktørar, som Norges Bondelag, Norsk landbruksrådgivning, landbruksdirektoratet og 4H. For å nemne nokre. 

– Det er utruleg verdifullt. Det gir deg eit fantastisk nettverk inn til næringa, seier han.

Skal leie NHOs årskonferanse 2020

Nyleg vart det kjend at Peder Ingvaldsen er ein av dei to unge studentane i Noreg som er plukka ut av over 170 søkjarar til å leie NHOs årskonferanse 2020 i januar.

– Det blir utruleg morosamt og eg gler meg stort, seier agronomen frå Troms.

Les meir og sjå video her: https://www.nho.no/tema/fremtidens-naringsliv/artikler/unge-tar-ledelsen-pa-nhos-arskonferanse/

Bjørnar Leknes