Høgaktuell bok om juss i vegtrafikk og trafikkopplæring

– Vi er inne i ein transportrevolusjon, med alt frå utprøving av sjølvkøyrande bilar til elektriske sparkesyklar. Dette vil påverke utviklinga av vegtrafikksystemet, seier førstelektor Roger Helde.

Hundre år etter at dei første bilane kom til Noreg, har vi passert 3,3 millionar personbilar her til lands. Over 140 000 av desse er elbilar. No er vi inne i ein transportrevolusjon, med alt frå Intelligente transportsystem (ITS) og utprøving av sjølvkøyrande bilar til elektriske sparkesyklar. 

– Det kjem stadig nye transportmiddel der heile energibehovet er basert på elektrisitet og fornybar kraft. 

Trafikkbiletet i 2019 som bakteppe

Klikk her for å endre bildet
Bokaktuell: Roger Helde, førstelektor ved Nord universitet. Foto: Roger Grostad.
Det seier Roger Helde  som er førstelektor i faga juss og leiing ved Handelshøgskolen ved Nord universitet. Helde er aktuell med fagboka «Juss i veitrafikk og trafikkopplæring». 

Boka inneheld ei komplett oversikt over norsk vegtrafikkrett samt ei innføring i overordna juridisk metode, forvaltningsrett, strafferett og bilansvaret. 

– Boka har trafikkbiletet i 2019 som bakteppe. Mitt føremål er å få fram perspektiv og samanhengar i det omfattande og til dels uoversiktlege regelverket på dette området, seier Helde. 

Frå vegskilt og blinklys til ITS og utprøving av sjølvkøyrande bilar

Heilt frå den tida hesten var det vanlege transportmiddelet på vegen, har det vore brei semje om at trafikantane ikkje kan få utfolde seg fritt. Sidan 1970 har det blitt jobba langsiktig og målretta med trafikktryggleik i Noreg, og det årlege talet på drepne i vegtrafikken har gått ned frå 560 i 1970 til kring 100 dei siste åra. 

– No opplever vi at den teknologiske utviklinga går raskare enn før, noko som utfordrar heile vegtrafikksystemet. Mellom anna får vi stadig fleire intelligente transportsystem (ITS), som til dømes elektroniske skilt, der fartsgrensa kan skrus ned automatisk ved behov. 

– Det som gjer denne boka ekstra aktuell er at den er heilt ajour, med eigne kapittel både om ITS og utprøving av sjølvkøyrande bilar, i tillegg til at den gjer greie for regelverket kring elektriske sparkesyklar, fortel Helde.

Klikk her for å endre bildet
Endra vegtrafikkbilete: Elektriske sparkesyklar blir eit stadig meir vanleg syn i vegtrafikken. Foto: dae jeung kim/pixabay

Pensum og oppslagsverk

Boka er skrive for å kunne fungere som pensum-bok for studentar og som et oppslagsverk for fagfolk. 

– Det er ei bok som er skrive for å gjere eit komplekst regelverk oversiktleg for folk som skal bruke det i kvardagen, for køyrelærarar, sjåførar og alle som jobbar med forvaltninga av norske vegar. 

– Presentasjonsforma bygger på erfaringar eg har gjort som førelesar og rettleiar gjennom 25 år for juss-studentar, juristar og andre som skulle utvikle si juridiske kompetanse, sier Helde.

Boka spenner frå vegskilt og blinklys til nye problemstillingar kring elektriske sparkesyklar og sjølvkøyrande bilar. 

Hovudbilete - foto: Rudy and Peter Skitterians/Pixabay  

Fakta om boka


Tittel: Juss i veitrafikk og trafikkopplæring – med innføring i juridisk metode, forvaltningsrett, strafferett og bilansvaret

Forlag: Fagbokforlaget

Forfattar: Roger Helde, førstelektor ved Handelshøgskolen, Nord universitet

329 sider - boka består av seks delar, og kvar del blir avslutta med refleksjonsoppgåver.

Lenke: https://www.fagbokforlaget.no/Juss-i-veitrafikk-og-trafikkopplæring/I9788245023084

 Kontaktperson