Korleis skape fred og færre konflikter?

Kva er ståa i verda etter pandemien, klimakatastrofar, flyktningkriser, politisk og økonomisk uro, terror og krig? «Fred og konflikt» er tema for årets forskingsdagar.

​​​
Klikk her for å endre bildet

Forskingsdagane er Europas tredje største festival i sitt slag, med aktivitetar på kryss og tvers i heile Noreg. Årets 12-dagarsfestival er frå 22. september til 3. oktober. 

Fred og konflikt handlar om så uende​leg mykje meir enn væpna konfliktar og fredsmekling. Finst det éi universell oppskrift på verdsfred? Vi har mellom anna fått 12 forskarar ved Nord universitet og Nordlandsforskning til å presentere ulike perspektiv og løysingar for fred og konflikt. 

Forskarar om fred på Facebook 

Under heile festivalen møter vi blant andre ein fredsforskar, ein klimaforskar, ein religionsforskar, ein ekspert på kriseleiing, ein turistforskar, ein flyktningekspert, ein økonom med fleire. Oppdraget deira er å presentere tema og løysingar som saman vil gje retning for eit meir fredeleg og konfliktfritt samfunn. 

Forskarane sine fredsoppskrifter får du kvar festivaldag kl. 09.00 på Facebook-sida Forskning ved Nord universitet
– Koronapandemien legg føringar for årets festival. I eit normalår skal vi kunne høyre, sjå, smake, ta på og oppleve forskinga på nært hald og saman med andre. Forskingsdagane 2021 vil formidle og dele kunnskap på ein trygg og smittefri måte. Den store fordelen med digitale arrangement, som i år, er at forskinga vert tilgjengeleg for dei fleste. 

Det seier Per-Stian Ekroll, som er ansvarleg for gjennomføringa av Forskningsdagene ved Nord universitet. 

–​ Vi er allereie i gang med å planlegge fleire fysiske arrangement neste år, mellom anna for barn, ungdom og familiar. Det er svært viktig å vise fram forskinga for alle og pirre nysgjerrigheita, og mange er truleg ikkje klar over kor mykje av forskinga som faktisk påverkar dagleglivet vårt. 

Jordkloten er truga, miljøaktivistar aksjoner og politikarar hetsast 

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane verda står overfor, og kampen for å redde kloten vekkjer sterke kjensler. Så sterke at miljøaktivistar definerast som ein trugsel mot tryggleiken, samtundes som forskarar og politikarar vert truga og hetsa. Er polarisering prisen vi må betale for å nå klimamåla, og kan det gå så langt at det vert farleg? 

Lytring inviterer til debatt om miljø og demokrati, og spør også etter dei gode løysingane. 

Debatten sendast direkte frå Stormen bibliotek i Bodø, torsdag 23. september frå kl. 19.00. PST, Extinction Rebellion, Cicero, klimaforsker Grete Hovelsrud og flere politikere deltek i debatten. 

Forskingssjefen opnar festivalen 

Klikk her for å endre bildet
​​Årets opningsnummer er det forskingssjefen ved Nord universitet, Ketil Eiane (bilete over), som står for. Eiane fortel om forskinga si viktigheit for og påverknad av våre live – både som privatpersonar, i arbeidslivet og elles i samfunnet. 

Forskingssjefens tale ser du onsdag 22. september kl. 08.00, på Facebook-sida Forskning ved Nord universitet

​Mat, musikk, mingling og formidlingskunst 

Primus motor og idrettsforskar Anne Tjønndal, inviterer til forskarnatt i Bodø. Fem unge forskarar frå Nord universitet presenterer eiga forsking om fred og konflikt, og arrangementet held hus i Bådin bryggeri, fredag 24. september frå kl. 19.00. 

Forsking for alle: Finn arrangement som passar deg 

​På nord.no/forskningsdagene ser du ei samla oversikt over aktivitetar med Nord universitet som arrangør eller medarrangør. 

Om Forskingsdaga​ne: 

​​
  • ​Arrangerast 22. september – 3. oktober 2021 
  • Europas tredje største forskingsfestival 
  • Hundrevis ​av arrangement og aktivitetar over heile landet 
  • Eies av Norges forskningsråd 

Du kan lese meir på forskningsdagene.no og på nord.no/forskningsdagene ​

 Kontaktperson