Kvifor blir langt fleire menn enn kvinner gründerar?

Skal forske på entreprenørskap i eit kjønnsperspektiv i nytt EU-prosjekt.

Langt fleire menn enn kvinner blir gründerar, og spesielt store er kjønnsforskjellane i teknologibedrifter. Men kvifor er det slik? Og er det mogleg å endre på dette?

Gry Alsos (biletet over) er professor ved Handelshøgskolen ved Nord universitet og har i over tjue år forska på dette med kjønn og entreprenørskap. 

Dei tre neste åra skal ho ta del i eit stort forskingsprosjekt innan likestilling og entreprenørskap - EU-prosjektet «Overcoming the Entrepreneurial Ecosystem Gender Divide: A Cross Cultural Perspective».

– Dette er nyskapande forsking

Prosjektet skal gå frå 2019 til 2021 og er eit samarbeid mellom fire forskingsmiljø i fire land: Noreg, Sverige, Israel og Irland. Prosjektet vert leia av Professor Maura McAdam ved Dublin City University - ein anerkjent forskar innan entreprenørskapsfeltet. 
 
– Eg er først og fremst begeistra. Dette vert eit fagleg spennande prosjekt med nasjonale samarbeidspartnarar og ei spennande problemstilling. Vi har designa eit prosjekt som er nyskapande, der vi kan lære mykje nytt. For meg er det det viktigaste, seier Alsos.
 
Alsos skal leie ein av arbeidspakkane i prosjektet - "A Cross-Cultural Examination of Investor Behaviour".

Større forskjellar ved teknologibedrifter

 Det har vore forska mykje på dette med likestilling og entreprenørskap allereie, og vi veit til dømes at entreprenørskap i Noreg er mannsdominert. Det er fleire menn enn kvinner som startar opp bedrifter, og forskjellane er enda større ved teknologibedrifter, fortel Alsos.
 
Ser ein på inkubatorane, som er organisasjonar som skal gje støtte til dei som prøver å byrje ny kommersiell aktivitet, er det også her fleire mannlege gründerar ifølgje Alsos. 

Og skeivfordelinga er enda større om ein ser på kven som mottar investorkapital.
 
 Mange land har arbeidd med å løfte kvinnelege gründerar, og mange ser på dette som eit ressursproblem. Gründertalent som ikkje verte brukte er jo eit samfunnsproblem på sikt. Så noko av det vi håpar å avdekke gjennom dette prosjektet er om det finst skjulte og umedvitne prosessar som indirekte medverkar til å forsterke denne skeivfordelinga. 

Mål om å medverke til å utvikle ny politikk

Klikk her for å endre bildet
På tvers av fakultet: Professor Gry Alsos frå Handelshøgskolen er delprosjektleiar, og har med seg mellom anna professor Elisabet Ljunggren og stipendiat Stian Bragtvedt frå Fakultet for samfunnsvitenskap Foto: Mari Lund Eide. 
 Målet vårt er at vi gjennom ny kunnskap på dette feltet kan medverke til å utvkikle politikken og dei verkemidla som trengs for å skape eit meir kjønnsnøytralt system, seier prosjektleiar Alsos.  
 
Budsjettet for Nord universitet er ca 2,5 mill NOK (€250 000) av eit totalt budsjett på ca 1 mill Euro/10 mill NOK.
 
I tillegg til Alsos deltek følgande frå Nord universitet i prosjektet: 

Professor Elisabet Ljunggren, Fakultet for samfunnsvitenskap (FSV)
Stipendiatane Marit Breivik Meyer (HHN) og Stian Bragtvedt (FSV)
I tillegg skal det rekrutterast ein postdoc. frå HHN og potensielt også ein postdoc. frå FSV. 

 Kontaktperson