Månadens artikkel i internasjonalt topp-tidsskrift

Da stipendiat Haldis Kismul fekk mail med beskjed om at hennar artikkel var kåra til Månadens artikkel i Journal of Dairy Science, trudde ho det var spam.

Bjørnar Leknes
​​Nyleg tikka det inn ein e-post i innboksen til stipendiat Haldis Kismul, med følgande emnetittel: “Editor's Choice article in November issue of JDS”.

– Dette må være spam, tenkte ho. 

For i bakhovudet visste ho jo at artikkelen hadde gått nokre rundar før den vart endeleg godkjent. Men nett før ho trykka på delete, valde ho likevel å sjekke det opp med rettleiaren sin. Sånn for sikkerheits skuld. 

Prestisjetungt internasjonalt tidsskrift

Klikk her for å endre bildet
I sitt rette element: Haldis Kismul, doktorgradstipendiat ved Nord univeristet, Fakultet for biovitenskap og akvakultur. Foto: Fredrik Bergenkvist
Overraskinga var difor stor da ho fekk bekrefta at det ikkje var ein tullemail. Med andre ord: artikkelen hennar om kyr på nattbeite er kåra til månadens artikkel, eller Editor´s choice, i det vitskapelege tidsskriftet JDS – Journal of Dairy Science.

– Dette er det mest prestisjetunge tidsskriftet i min fagkrets, så det er veldig gledeleg og eit skikkeleg klapp på skuldra. For som stipendiat er det nok av tunge dagar, medgir ho. 

Doktorgraden sin tar Haldis Kismul ved Svenske landbruksuniversitetet. Ho byrja på det lange løpet i januar 2015, og vonar å forsvare si avhandling i september 2020. 


Dette er ein veldig omfattande artikkel, med i alt tre såkalla outputs: 

  1. Korleis påverkar nattbeite dyra si åtferd
  2. Kva effekt har nattbeite på avkastninga – klarar dyra å få i seg nok fôr på beite til å oppretthalde produksjonen sin 
  3. Korleis effekt på dyra si åtferd har det faktum at natta i nordlege strok av verda endra seg slik, både i lengde og grad av mørker, får juni til september? 
– Frå eit publiseringspoeng-synspunkt ser eg at dette kunne ha vore tre artiklar. Men som leser av forsking gir det betre oversikt å få heile historia servert i ein artikkel, for å slik kjenne seg trygg på at dyr og periodar inkludert i analysane er det same – og at dei kan tolkast i lag. 

– Det har vore det viktigaste for meg, seier 35-åringen frå Arendal, som til dagleg er tilset ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur ved Nord universitet i Steinkjer.

Bør ikkje tilby nattbeite til høgtytande kyr

Klikk her for å endre bildet
Nattbeiting. Åtferdsobservasjon av ku gjennom nattkikkert. Foto: Haldis Kismul
Av funna i Kismul si forsking, peikar ho på følgande som det viktigaste: at høgtytande kyr som er midt i laktasjonen, det vil seie ikkje rett etter kalving eller rett før dei skal tørkast opp, syner liten interesse for å være ute midt på natta, sjølv om dei har lite mat inne i fjøset. 

– Vi ser at dei heller vil være inne i det trygge og kjente i fjøset sitt. Med det som bakgrunn tenker eg at det å berre tilby beitetilgang om natta for å imøtekome mosjons- og beitekrav er ei dårleg løysing. 

Ifølge Kismul er dette ein aukande trend i Sverige, av ulike grunnar. Det er til dømes meir hensiktsmessig for bonden å sjå dyra på dagtid i forhold til helseovervaking og avl. 

Vidare er mange bønder bekymra for at varmen midt på dagen er dårleg dyrevelferd, og at det er betre for dyra å være inne i eit moderne fjøs med god ventilasjon og klimakontroll. 

– Det å tilby nattbeite som einaste beite har difor ein aukande trend i Sverige, men vi ser også at det er stadig fleire i Noreg som vurderer dette.  

– Dette er noko eg vil avråda. Det held i så fall med ein luftegard, og ikkje eit stort beiteområde. ​
Bjørnar Leknes

Journal of Dairy Science


er eit nivå 2-tidsskrift og vert reikna for å være eit topp-tidsskrift innan fagfeltet biologi

https://www.journalofdairyscience.org

 Kontaktperson