Når ein student byrjar på ei utdanning er det alltid eit mål at han eller ho fullfører på det som heiter normert tid. Det vil seie at om du til dømes vel ei treårig bachelorgradsutdanning, så er målet at du skal bli ferdig nettopp i løpet av tre år.
For mange studentar er dette likevel krevjande. Mange treng lengre tid, medan andre kanskje hoppar av undervegs for å jobbe eller ta ei heilt anna utdanning.
Fin auke til trass for pandemi
DBH, Database for høgare utdanning, presenterer kvart år tal på i kor stor grad studentar i Noreg fullfører si utdanning på normert tid. Nyleg presenterte dei tal som syner at stadig fleire bachelorstudentar i Noreg klarer å bli ferdig med utdanninga si når dei skal.
DBH-tala syner at 49 prosent av studentane som byrja på ei bachelorutdanning i 2016 greidde å fullføre på normert tid, altså våren 2019. To år seinare har dette talet auka med fire prosentpoeng, og det til trass for ein pågåande pandemi. Det vil seie at 53 prosent av studentane som byrja hausten 2018 vart ferdige våren 2021, ifølgje Khrono.
Nord universitet til topps
Av dei ti universiteta i Noreg syner DBHA-tala at Nord universitet tronar heilt øvst og kan vise til rekordtal. Av alle Nord-studentar som byrja på ei bachelorutdanning hausten 2018, fullførte nesten 59 prosent på normert tid. Snittet blant universiteta var på 50 prosent.
– Det er veldig hyggeleg at vi har gode tal på gjennomføring på bachelor, og ikkje minst er det viktig for studentane, seier prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk, til Khrono.
Tala frå DBH syner også at Nord universitet, heilt sidan dei vart etablert i 2016, har fin framgang kvart einaste år. Frå studentkullet som byrja i 2016 til kullet som byrja hausten 2018 er auka på dei som fullfører på normert tid på heile 9 prosentpoeng, skriv Khrono.
Nærleik til studentane
Gårseth-Nesbakk forklarar at det er fleire årsaker til dei gode tala ved Nord universitet.
– Det er visse trekk ved Nord universitet som gir oss moglegheit til å kome tettare på studentane. Vi har mange studiestader med mindre kull og mindre klassar, noko som gir større nærleik til studentane og at dei lettare blir sett, seier han til Khrono.
Foto: Karoline O. A. Pettersen/Nord universitet