Nytt styre ved Nord universitet

Øyvind Fylling-Jensen blir ny styreleiar og Eva Maria Kristoffersen, Anders Söderholm og Lise A. Dahl Karlsen blir styremedlemar ved Nord universitet i neste periode.

​​
Klikk her for å endre bildet
Sterk tru på stor takhøgde: Øyvind Fylling-Jensen blir ny styreleiar ved Nord universitet frå 1. august 2021. – Eg kjenner fleire i det nye styret frå før, og eg er trygg på at dette blir eit godt styre. No ser eg fram til at vi blir godt kjent med kvarandre. Foto: Lars-Åke Andersen © Nofima ​

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar, og nye styremedlemar ved Nord universitet for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Eg er trygg på at Øyvind Fylling-Jensen og dei andre styremedlemane vil bidra til å styrke utdanningane og forskinga ved Nord universitet. Det er særleg viktig for at universitetet kan bidra til å utvikle og omstille nærings- og arbeidslivet i regionen og bidra til å levere høgt kompetent arbeidskraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Øyvind Fylling-Jensen (Oslo) er administrerande direktør i Nofima AS i Tromsø. Fylling-Jensen har lang leiar- og styreerfaring frå kunnskapsintensivt næringsliv og lang erfaring frå omstillingsarbeid. Han har tidlegare mellom anna vore styremedlem i Forskingsrådet, og har samarbeidd med Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, i ei årrekkje.

– Dette er eit spennande og krevjande oppdrag, og eg ser fram til å bli kjent med resten av styremedlemane. Saman med rektor skal vi jobbe for å få til eit godt styre med godt samarbeid, både mellom oss i styret og mellom styre og administrasjon, seier Fylling-Jensen. 

Han har førebels inga programerklæring, men som styreleiar kjem han til å følgje same leiarfilosofi som han nyttar i eigen organisasjon.

– ​Det aller viktigaste er å ha stor takhøgde med rom for ulike meiningar og synspunkt. Vi skal ha gode diskusjonar og jobbe saman til det beste for fellesskapet. Eg har sterk tru på det å ha eit genuint ønske om å få til noko i lag, seier den påtroppande styreleiaren.

Nye styremedlemar:

Eva Maria Kristoffersen (Straumsjøen) er leiar i Egil Kristoffersen & Sønner AS og har lang styreerfaring frå mellom anna Noregs Sjømatråd. Kristoffersen har tidlegare drive med fiskeriforsking.

Anders Söderholm (Stockholm) er professor og generaldirektør i Universitets Kanslers Ämbetet og noverande styremedlem. Söderholm har lang leiarerfaring frå svensk akademia.

Lise A. Dahl Karlsen (Brønnøysund)  er avdelingsdirektør i Brønnøysundregistera, og har lang erfaring frå offentleg og privat næringsliv. Karlsen har styreerfaring mellom anna frå Helgelandssjukehuset.

Varamedlemar blir peikt ut så snart som mogleg.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet har oppnemnt fire eksterne styremedlemar og to varamedlemar. ​

Her er dei øvrige styremedlemane frå Nord universitet: 

Fast tilsette i undervisnings- og forskerstilling:

Faste medlemar Personleg varamedlem
Ellen Sæthre-McGuirk Hanne Thommessen
Oddbjørn Johansen Bjørn Olsen
Elisabeth Suzen Eivind Junker

Midlertidig tilsette i undervisnings- og forskerstilling: 

Fast medlem Personleg varamedlem
Tone Elisabeth Berg Marta Lindvert

Teknisk og administrativt tilsette:

Fast medlem Personleg varamedlem
Sissel Marit Jensen Winnie Christiansen

Studentar:

Fast medlem Personleg varamedlem
Tord ApalvikHåvard Dragland
Synne WitzøEmelie Johansen

Styreperioden for det nye Nord-styret er 1. august 2021–31. juli 2025. ​​