Olavsarv - kva er det?

I 2030 er det 1000 år sidan Olav den Heilage fall på Stiklestad. Men kva inneber eigentleg omgrepet Olavsarv? Og kva kan vi bruke denne arven til?

​​
Klikk her for å endre bildet
Olav fall på Stiklestad. Sånn såg teiknar Halfdan Egedius for seg at det såg ut da Olav den Heilage fall på Stiklestad i 1030. Hans illustrasjon vart publisert i Heimskringla i 1899, som er folkeutgåva av Snorres kongsagaer. Illustrasjon: Halfdan Egedius.​​

– Dette er ein akademisk konferanse der målsettinga er å gi innhald til omgrepet Olavsarv, samt å finne ut meir kva denne Olavsarven kan brukast til.

Det seier Idar Kjølsvik som er ​professor ved Nord universitet og primus motor for konferansen.

– Konferansen er viktig fordi Kongeriket Noreg snart feirar 1000 år. Da må vi gi eit innhald til tusenårsfeiringa og finne ut kva slags Noreg vi vil ha i 2030 og framover, seier han.

Resultatet av konferansen blir gitt ut som bok på vitskapleg forlag. Kjølsvik seier han vonar at konferansen skal bety ein skilnad. 

– Ja, eg vonar at den skal bidra til eit betre Noreg. Og eg vonar at vi skal finne ut meir om kva slags samfunn vi ynskjer å bu i.


Klikk her for å endre bildet
Primus motor. Idar Kjølsvik, professor dr. theol. ved Nord universitet, Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag. Foto: Bjørnar Leknes.

​Program:

​Første dag: Olavsarv - kva er det?

11.00: Opning – i Levanger kyrkje 
Rektor Hanne Solheim Hansen, Nord universitet

11.15: Olavsarv – Kva er det? Den norske kyrkja fram mot nasjonaljubileet
Preses Olav Fykse Tveit, Den norske kyrkja

12.45: Lunsj
På grunn av koronasituasjonen er staden for lunsjen og programmet etterpå enno ikkje bestemt. Det blir opplyst om dette under opninga.

13.30: «Ja, men kva er EGENTLIG Olavsarven?» Om Olav og kulturarvsforvaltning frå et museumsperspektiv
Direktør Heidi Anett Øvergård Beistad, Stiklestad Nasjonale Kultursenter

14.00: Den verdsvide Olavsarven, sett frå Nidaros
Biskop Herborg Finnset, Nidaros Bispedømme

14.30: Er Olavsarven kanskje skadeleg? Eit luthersk perspektiv
Professor dr. theol. Bo Kristian Holm, Aarhus Universitet

15.00: Eit katolsk perspektiv
Dr. theol. Øystein Lund, katolsk prest og direktør ved NOKUT

15.30: Eit pentekostalt og frikyrkjeleg perspektiv
PhD Karl Inge Tangen, pinsepastor og rektor ved Høyskolen for Teologi og ledelse

16.00: Noregs evige konge? Tolv perspektiv ved nyare Olavsarv
Professor dr. theol. Idar Kjølsvik, Nord universitet

Boklansering ved forlagsredaktør Bjørg Vollan, Embla Akademisk
Presentasjon av den nye bokserien «Norge mot 2030»

18.00: Festmiddag
Gilde i langhuset på Stiklastadir, Stiklestad Nasjonale Kultursenter

20.00: Olavsmesse i Stiklestad kyrkje
Biskop Herborg Finset og sokneprest Gaute Aune Aurdal

Andre dag: Kva skal vi bruke Olavsarven til? 

09.00: Kva skal vi bruke Olavsarven til?​ Eit filosofisk blikk
Professor Dr. art. Henrik Syse

09.45: Nasjonalisme, populisme og religion i dagens Europa
Professor PhD Cathrine Thorleifsson, forsker ved C-REX, senter for ekstremismeforskning

10.30: Olavsvarven i politikkens vold – Politiske trendar og mekanismar fram mot nasjonale jubileum
Fagleg leiar i Skaperkraft, Øyvind Håbrekke

11.00: Jubileumsplatform Nasjonaljubiléet NORGE I TUSEN ÅR
Prosjektleder 2030, Borghild Lundeby, Stiklestad Nasjonale Kultursenter

11.30: Korleis nytte seg av Olavsarven i kyrkjelydene?
Domprost Ragnhild Jepsen og prost Ole Kristian Bonden

12.00: Avslutning

12.15: Lunsj​


Fakta om konferansen


«Olavsarv - Kva er det?» finn stad ​16.-17. september 2021 ved Nord universitet, Levanger. 

Konferansen er eit samarbeid mellom Nord universitet, Tankesmien Skaperkraft, Stiklestad Nasjonale Kultursenter, Preses for Den norske kyrkja og Nidaros bispedøme.

For påmelding og meir informasjon:

https://hint.hoopla.no/sales/930240264​


 Kontaktperson