150 nye gode grunnar til å bli Nord-student

Bur du i dei nye studentbustadane i Levanger, bur du nærme alt. – Det må være stor stas å bu her, seier statsråd Iselin Nybø som stod for sjølve snorklippinga.

​​​​​​​​Nord universitet sin campus i Levanger blir gjerne kalla den flottaste aust for California. No har campusen, som ligg like ved den idylliske Trondheimsfjorden, også fått nye og topp moderne studentbustadar – berre eit steinkast frå førelesingssalane. 

 
– Det er både lyst, triveleg og heilt nytt. Det må være stor stas å få bu her, det er eg heilt sikker på. 

 
Det sa næringsminister Iselin Nybø da ho stod for den offisielle opninga av Røstad studentboliger. Nybø var sjølv med og støtta økonomisk opp om prosjektet som statsråd i Kunnskapsdepartementet for berre få år sidan. 

 
– Ein rimeleg stad å bu er eit viktig verkemiddel for å sikre at flest mogleg har moglegheit til å ta høga​re utdanning. Det er derfor vi satsar så mykje på studentbustadar, seier ho.

 
Artikkelen fortset under videoen.
 

Universell utforming

Røstad studentboliger har ein prislapp på 130 millionar kroner og består av 150 einingar fordelt på tre etasjar. Utforminga er moderne med høg standard og smarte løysingar, og plasseringa er perfekt for travle studentar. 

 
– Men noko av det flottaste er at tjue prosent av hyblane har universell utforming. Det er det eit stort behov for, og dette gjer oss til eit godt førebilete, seier ein begeistra studentleiar Amanda Tunsberg, som også set stor pris på at statsråden tok seg tid til å ta del i opninga. 

 
– Tidspunktet kunne ikkje vore betre. For no skjer det så mykje her, med nytenking og mange nye studentar og utdanningar, seier ho.
Klikk her for å endre bildet
Strålande nøgd studentleiar: Amanda Tunsberg frå Asker er regionleiar for studentane i Levanger og er særskild glad for at så mange av hyblane har universell utforming. Foto: Bjørnar Leknes

150 hyblar og leiligheter – 150 meter frå campus

Frå nærmaste togperrong er det berre eit par hundre meter til dei nye bustadane. Sjølve universitetscampusen er nærmaste nabo, i likskap med Trønderhallen med idrettshall, treningssenter, klatrevegg og symjebasseng. 

 
Og snur du deg andre vegen kan du rusle til både helsehus og butikk.

 
– Nærleik er ein av verdiane til Nord universitet. Her på Røstad får studentane nærleik til universitetet sitt. Det kjem til å bli uvurderleg. 

 
– Vi har sett i Bodø kva det h​​​ar betydd for studentmiljøet på fritida at dei bor nært studiestaden. Så dette blir veldig bra, seier rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet.

 
Rektoren får støtte av student Sandra Eriksen frå Trondheim, som stortrivst i sin nye hybel​.

 Førsteinntrykket er veldig bra. Det er overraskande god plass på rommet, kor eg også har eiget bad. Eg føler meg absolutt trygg, og eg kjem så godt overeins med dei andre. Alle er så snille og hyggelege, seier ho.

 
Klikk her for å endre bildet
God atmosfære. Næringsminister Iselin Nybø og rektor Hanne Solheim Hansen saman med studentane Ingelin Karlsvik (bak til venstre), Sandra Eriksen, Benjamin Thorsen og Stian Mikalsen. Foto: Bjørnar Leknes.

Røstad studentboliger


ligg like ved Nord universitet på Røstad i Levanger. Dei 150 studentbustadane er fordelt over tre etasjar, har moderne utforming med høg standard og smarte løysningar. 

Halvparten av einingane delar i alt ni godt utrusta felleskjøkken, medan resten har eiget kjøkken. 

Bygget har kosta omlag 130 millionar kroner, finansiert med tilskot frå Kunnskapsdepartementet og lån i Husbanken. 

Bygget er bygd i massivtre og er eit av dei første der dette  er laga av norsk trevirke. 

Les meir om Røstad studentboliger på studentinord.no​