Viktig steg mot å tette kompetansehòlet for energi i Arktis

Portrettbilde av Kjell Stokvik på en høyde over Kirkenes
Næringsklynga Energi i Nord vart nyleg tatt opp i Innovasjon Norge sitt klyngeprogram. – Dette vil føre til meir forsking, seier CHNL-leiar Kjell Stokvik ved Nord universitet.

​​​​​Nord universitet er ein partnarane i næringsklynga Energi i Nord. Klynga vart etablert i 2020 med mål om å gjere Arktis til eit attraktivt utviklingsområde for energi.

Klynga sitt arbeid blir allereie lagt merke til. For da Innovasjon Norge nyleg offentleggjorde sine nye Arena-klynger, var Energi i Nord ei av dei to klyngene som vart trekt opp av hatten av i alt 11 søkarar.

Arena-status er ei anerkjenning

Klikk her for å endre bildet
Lansering av klynger: Innovasjon Norge tok opp Energi i Nord som nytt medlem i klyngeprogrammet. Markeringa fann nyleg stad i Oslo. Frå venstre: Håkon Haugli (adm.dir. i Innovasjon Norge), Jannicke Andreassen ​(statssekretær, Nærings- og fiskeridepartementet), Stein-Gunnar Bondevik (direktør kommunikasjon og samfunnskontakt i Troms Kraft), Anders Tørud (prosjektleiar, Energi i Nord), Kjell Giæver (styringsgruppeleiar, Energi i Nord) og Bjørn Arild Gram (kommunal- og distriktsminister). Foto: Tom Hansen/Innovasjon Norge.
– Tildelinga av Arena-status er ei anerkjenning av det arbeidet som er gjort så langt, og den jobben som skal bli gjort framover, seier Anders Tørud i Kunnskapsparken Bodø (KPB) som er prosjektleiar ​​i Energi i Nord. 

Leiar av styringsgruppa, Kjell Giæver, er minst like begeistra.

– For fyrste gong sidan Arena-programmet vart oppretta i 2002 er heile Nord-Noreg​ samla i ei klynge. No skal vi syne fram ei energiomstilling i verdsklasse på alle område, seier han.

I grunngjevinga frå Innovasjon Norge heiter det at Energi i Nord på kort tid har greidd å samle aktørar frå Nordland, Troms og Finnmark med tilknyting til energi frå Helgeland til Varanger. Klynga består i dag av 50 bedrifter og offentlege verksemder, deriblant Nord universitet. 

Godt nytt for både Nord og UiT

Klyngeprogrammet er ifølgje næringsminister Jan Christian Vester ein viktig del av regjeringa sin næringspolitikk for å skape lønnsame og attraktive jobbar i heile landet. 

– Klyngene har stor betydning for bedriftene som deltek og for lokalsamfunna. Når bedrifter samarbeider på denne måten, kan dei lettare drive felles forsking og utvikling, og dele kunnskap og kompetanse. Klyngene er gode verktøy for å styrke omstillingsevna i norsk næringsliv, seier næringsministeren i ei pressemelding. 

Kjell Stokvik er prosjektkoordinator og dagleg leiar ved Nord universitet sitt Center for High North Logistics (CHNL). Han er begeistra over at Energi i nord er blitt godkjent som Arena-klynge. 

– Det betyr mykje, seier Stokvik (hovudbilete øvst i artikkelen, foto: Lars Georg Fordal​). ​

– Vi har behov for å styrke kompetansen både på utdannings- og forskingssida, spesielt retta mot det grøne skiftet og dei nye energiberarane. Med Arena-status blir moglegheita for å få støtte til forskingsprosjekt langt større. Vi har til dømes fleire samarbeidsprosjekt på gang i lag med UiT Norges arktiske universitet, som også er partnar i Energi i Nord. Vidare vil Arena-statusen få positiv effekt på vår satsing i Mo i Rana, seier Stokvik.

Stokvik legg til at Arena-statusen også vil kome studentane til gode. 

– Denne statusen gjer oss i stand til å skape nye utdanningar og kurs. Vi jobbar til dømes no med ein søknad saman med UiT som skal styrke moglegheitene for å ta studiar innan sikkerheit og beredskap innanfor energiberarane lagring, produksjon og transport, seier han og får støtte frå Kjell Giæver.

– Vi får ikkje til å lukkast dersom vi ikkjspelar på lag med alle partnarar. Ikkje minst er universiteta i Nord-Noreg viktige aktørar for å få det til, seier Giæver og framhevar prosjektsamarbeidet og nye søknadar om finansiering. 

Klikk her for å endre bildet
Hyllest til klynga: Professor Mateo Chiesa ved UiT Norges arktiske universitet deltok på konferansen Hydrogensone Arktis i Vadsø arrangert av Troms og Finnmark fylkeskommune 18. november 2021. Da løfta han fram kor viktig samarbeidet med klynga sine medlemmar og universiteta i Nord-Noreg er for styrke kunnskapen for å lukkast i det grøne skiftet. Foto: Kjell Stokvik.

Mål om å ta ein sentral posisjon i energiomstillinga i Europa​

Energi i Nord jobbar innanfor heile energi-verdikjeda, frå energiproduksjon til energiberarar, energidistribusjon og bruk. No skal initiativtakarane stifte eit eiget selskap, Energi i Nord AS, som vil stå for administrasjonen av klynga videre

– Nord-Noreg har over fleire tiår bygd seg opp som ein industri- og energiregion. Regionen har eit betydeleg kraftoverskot, har 100 prosent fornybar energi i kraftnettet og har dei lågaste energiprisane i Europa. 

– ​​Saman med store gassressursar og infrastruktur for fangst og lagring av CO2, samt eit voksande FoU-miljø ved dei nordnorske universiteta, meiner vi dette gir Nord-Noreg ein moglegheit til å ta ein sentral posisjon i energiomstillinga i Europa i de komande åra, seier prosjektleiar Anders Tørud.

Fakta om Energi i Nord


Klynga Energi i Nord vart etablert i 2020 av Petro Arctic, Troms Kraft, Mo Industripark, Equinor, Varanger Kraft og Norsea Polarbase.

Nedslagsfeltet er Nordland, Troms og Finnmark og Svalbard. Sidan etableringa har nærare
50 aktørar deriblant Helgeland Kraft, Nord universitet, Olje og gassklynge Helgeland, Sparebank 1 Nord-Norge, Sintef Helgeland, Mosjøen og Omegn Næringsselskap KF slutta seg til klynga.
​​
Framover er det fire fokusområder Energi i Nord meiner ein har spesielt gode føresetnadar for å
lukkast med:

1. Hydrogenknutepunkt
2. Grøn luftfart
3. Smarte energisystem for rurale og fjerntliggande områder
4. Infrastruktur for energiintensiv industri

Les meir: Energi i Nord

Fakta om Klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters


​​Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer programmet, medan Innovasjon Norge, i samarbeid med Norges forskningsråd og Siva, er ansvarleg for å drive det.

For 2021 finansierast klyngeprosjekta med 192 millionar kroner.

Det er i alt 44 klynger med i programmet Norwegian Innovation Clusters​.

 Kontaktperson