Vil løfte kunstnarisk utviklingsarbeid

I teorien er kunstnarisk utviklingsarbeid sidestilt med forsking i akademia. Men i praksis er det andre tonar.

Klikk her for å endre bildet
Høgthengande pris: musikkprofessor Mattis Kleppen imponerer med sitt unike bass-album, som er eit kunstnarisk utviklingsarbeid. Men publikasjonspoeng for albumet får han ikkje –  førebels. Foto: Bjørnar Leknes

​Mattis Kleppen er professor i musikk ved Nord universitet. Han er også ein anerkjent og prisløna artist av stort format. Nyleg vart han heidra med Folkelarm-pris for plata «Bassgitar», som er eit pionerarbeid for bassgitaren som et solistisk instrument (sjå faktaboks).

– Folkelarm-prisen er den aller gjævaste prisen og betyr mykje for meg, seier Kleppen.

– Dette er ein reinhekla folkemusikkpris. Det fortel at folkemusikkmiljøet synast det er veldig bra at ein held på med folkemusikk, sjølv om ein ikkje spelar eit tradisjonelt instrument. Forutsett at ein gjer det ordentleg sjølvsagt, seier han med eit smil.

Vil gjere kunstnariske utviklingsprosjekt poenggivande

Det spesielle er at albumet er eit resultat av kunstnarisk utviklingsarbeid, og altså som forsking å rekna. Likevel blir ikkje slik forsking verdset med vitskapelege publiseringspoeng. Og dermed heller ikkje tatt omsyn til når universiteta og fakulteta skal gjera opp sit forskingsreknestykke.

– Det må da ha ein verdi for universitetet at noko som har vore forskingsarbeid får anerkjenning i det utøvande feltet. Det er jo lakmustesten på om det held mål, seier Kleppen.

Og Kleppen er ikkje aleine om å ha sterke meiningar om dette temaet. Men sjølv om det er fleire som har jobba med å gjere kunstnariske utviklingsprosjekt til poenggivande forsking, er det framleis ingen institusjonar i Noreg som har klart å bli einige om modell og kriterium.

Mål om fagfellevurdering ved Nord universitet

Klikk her for å endre bildet
Strammar grepet: førstelektor Roy Waade drøymer om at Nord universitet går framfor og blir dei første til å gjere kunstnarisk utviklingsarbeid til poenggivande forsking. Foto: Bjørnar Leknes.

No har fagmiljøet i musikk ved Nord universitet sit Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag tatt opp hansken. Ambisjonane er høge og dei håpar å få styret til å seie ja til å gjere universitetet til pilot.

– Vi har som mål å få til fagfellevurdering av kunstnarisk utviklingsarbeid her ved Nord universitet. Og eg trur det er den rette vegen å gå: å starte med oss sjølv og prøve å sette saman ein fagfellevurderings-komité her, seier Kleppen.

I bresjen for dette arbeidet står førstelektorane Nils Kanestrøm og Roy Waade. Dei fortel at det i universitetssektoren blir stadig større krav om at fagtilsette skal levere med tanke på publisering, og at det derfor er på høg tid at ein også finn eit godt system for å anerkjenne kunstfagleg utviklingsarbeid i form av publiseringspoeng.

– Akademiske artiklar blir fagfellevurdert, men det blir ikkje eit album eller ein stor konsert. For å få til det må vi ha nokre kriterium på plass. Vidare må det setjast ned ein kommisjon, seier Waade, som har engasjert seg i tematikken i ei årrekke.

Forslag til fire kriterium for kvalitet

Waade fortel at det er gjort to nasjonale forsøk tidlegare på å finne kvalitetskriterium – det såkalla Jørgensen-utvalet i 2007 og UHR-rapporten «FoU-arbeid innen fagområdet kunst 1995-2015». Men sjølv om dei aldri kom heilt i mål har dette ifølge Waade vore eit viktig arbeid, ikkje minst for den prosessen som no finn stad ved Nord universitet.

– Dette har bidratt til at vi no har kome opp med fire konkrete forslag til kriterium for fagfellevurdering av kunstnarisk utviklingsarbeid, seier Waade.

  1. Arbeidet skal vere på høgt fagleg/kunstnarisk nivå
  2. Arbeidet skal vise eigenart/originalitet
  3. Arbeidet skal ha relevans i forhold til profesjonsfagleg tenking/bruk.
  4. Arbeidet skal vise kunstnarisk refleksjon og kunne gi oss ny kunnskap/innsikt

– Vårt første mål er å få etablert ein fagfellekommisjon ved Nord universitet. Vi møter mykje goodwill, men det står att å få saka opp til behandling i styret, seier Waade.

Positiv musikkprofessor trur på løysing

Klikk her for å endre bildet
Eminent musikar: Mattis Kleppen har vore profesjonell artist i over tre tiår. Foto: Peter Jørgensen.

Musikkprofessor Mattis Kleppen er optimist og håpar det kan kome ei løysing om ikkje så lenge.

– Det er veldig viktig for faget og for utviklinga av det, ikkje berre her ved Nord universitet, men også på landsbasis. Og no er det på gli – i alle fall her på huset, smiler den nybakte Folkelarmpris-vinnaren frå Bø i Telemark.

 



Om Folkelarm


  • Folkelarm vart første gong arrangert i 2005, og vart i år arrangert i Oslo 8. – 11. november.
  • Hovedmålet med Folkelarm er å markedsføre folkemusikkartistar. 
  • Sia 2005 har dei delt ut Folkelarmprisen (Norwegian Folk Music Awards) til folkemusikkutgjevingar frå det siste året. 
  • I 2018 var det fire kategoriar: Solist, Tradisjonelt samspel, Open klasse og Dokumentasjon, samt Årets folkemusikar og FolkOrgs arrangørpris.


(Kjelde: folkelarm.no)


Om Mattis Kleppen


• 50 år, frå Bø i Telemark, busett i Trondheim.
• Professor i musikk ved Nord universitet
• Profesjonell artist i over tretti år
• Vann Folkelarmpris i 2018 i Open klasse for albumet «Bassist»
• «Bassist» er eit album kor Kleppen berre brukar solo bassgitar. Denne formelen er ifølge folkelarm.no

«sjelden kost uansett sjanger og stil, og må være et av svært få plater laget på denne måten. Det gjør dette albumet til pionerarbeid for bassgitaren som et solistisk instrument. Musikken er (…) satt sammen på en særegen og uortodoks måte: hardingfeleslåtter fra Telemark, tradisjonell musikk fra Mali, eget materiale, og en dæsj Townes Van Zandt.»

 Kontaktpersonar