Laila Lutnæs Sakshaug

Førsteamanuensis Fakultet for lærerutd., kunst og kultur
E-post:
laila.l.sakshaug@nord.no
Tlf:
+47 74 02 25 88
Mobil:
Kontor:
Levanger, C Nylåna 4.219

Om meg/bakgrunn

Eg arbeider ved norskseksjonen, og sorterer under faggruppe GLU,  ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag, med ca. 350 tilsette og 3500 studentar, og har kontor på Røstad, Levanger, 2.et. i Nylåna.

Eg har vore tilsett ved HiNT/NORD universitet sidan 2011, og er dr.art. i nordisk språkvitskap frå NTNU (frå 1999), med PPU, og er spesialisert innanfor nordisk språk og litteratur, med særleg vekt på grammatikk, allmenn språkvitskap og norsk som andrespråk.

Undervisning/veiledning

Eg underviser i norsk og norskdidaktikk, og særleg i språklege emne, mest i grunnskolelærarutdanninga, men også i barnehagelærarutdanninga.  Dei siste 4-5 åra har eg også undervist på tre etter- og vidareutdanningskurs innanfor emnet norsk som andrespråk, saman med kollegaer ved Nord universitet.

Aller mest underviser eg i grammatikk og grammatikkdidaktikk, og i første- og andrespråksutvikling, samt i emne som dialektkunnskap, sosiolingvistikk, retorikk, samisk, og eg er aktuell som rettleiar på bacheloroppgåver, FoU-oppgåver og ev. masteroppgåver innanfor grovt sett desse felta.

Forskning

Eg er medlem i forskargruppa "Sosial rettferdighet og mangfold i utdanning​".


I dag forskar eg mest innanfor (norsk som) andrespråks- og fleirspråklegheitsfeltet, men eg forskar også innanfor grammatikkdidaktikk av ulike slag - blant annan innanfor sidemålsdidaktikk.


Dei siste 2-3 åra har eg arbeidd mest med eit prosjekt om skriving på mellomstrinnet blant minoritetsspråklege elevar med norsk som andrespråk. Dette arbeider eg framleis med. 

Det siste året har eg starta opp eit nytt prosjekt, saman med to kollegaer ved FLUKK, der vi forskar på språk- og læringsmiljø på ein mindre skole med éin stor minoritet, som på enkelte trinn utgjer ein større del av klassen enn dei norske majoritetsspråklege elevane.

Saman med dei same to kollegaene, og lærarar ved Vaksenopplæringa, er vi heilt i startgropa på eit tredje prosjekt, som handlar om integrering og språklæring innanfor sosiale rammer, med studentar og elevar ved vaksenopplæringa som deltakarar.

I tillegg til dette har eg skrive hovudoppgåve om særskriving av  samansette ord i norsk, og doktoravhandling om analyse av samansette verbalsubstantiv, der teoriutvikling av såkalla Autoleksikalsk syntaks også var eit viktig fokus.