Eg har bakgrunn som lektor i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen der eg mellom anna underviste i norsk og religion. I 2009 fekk eg eit stipend, og disputerte for doktorgraden i 2013 med ei avhandling om litteraturundervisning i ungdomsskulen. Eg held til ved campus Nesna der eg underviser i norsk, særlig litterære emne. Forskingsinteresser: litteraturdidaktikk, litteraturhistorie, barne- og ungdomslitteratur og regionallitteratur.