Kathrine Fosshei

Universitetslektor Fakultet for lærerutd., kunst og kultur
E-post:
kathrine.fosshei@nord.no
Tlf:
+47 75 05 78 71
Mobil:
Kontor:

Om meg/bakgrunn

Eg er Cand. Philol. frå Universitetet i Oslo, 2000. Eg har og fordjupning i litteraturformidling for barn og unge frå Universitetet i Agder.

På fritida er eg engasjert i kultur- og folkeopplysingsorgnisasjonen Folkeakademiet, og tar og på meg diverse oppdrag innan formidling; særleg på litteratur- og kuturfeltet.​ Virket i Folkeakademiet er viktig og i høve til undervising og forsking.

Undervisning/veiledning

Eg underviser på alle nivå i grunnskolelærarutdanninga, og dessutan på barnehagelærarutdanninga, i emne som litteratur, lesing, skriving, munnlege dugleikar og forteljingar. Eg er og opptatt av varierte og estetiske læreprosessar, og tverrfagleg arbeid.

Eg er engasjert i to nettverk i byrjaropplæring i det nasjonale prosjektet DEKOM, i Nordland fylke.

Forskning

I mit FoU arbeid har fokuset særleg vore på korleis litteratur kan brukast som inspirasjon og motivasjon i høve til lese- og skriveutvikling, men og tverrfagleg. 

Eg har vore involvert i eit mangeårig samarbeid med ein musikklektor, der me saman med førsteårsstudentar på grunnskolelærarutdanninga har utforska ulike inngangar til tekst og tone, eit prosjekt som har utvikla seg i retning av det performative, sanselege, og etter kvart studerer me lærarrolla i eit meir refleksivt perspektiv.

Eg er opptatt av korleis lesing, skriving og munnleg heng saman, først og fremst i norskfaget, og korleis ein kan jobbe med heile mennesket, og eg er særs opptatt av korleis den enkelte får rom og moglegheit til å utvikle si eiga røyst og sin eigen identitet. Her ser eg litteraturen og andre estetiske uttrykk som sentrale inngangar.

Læring gjennom kroppsleg erfaring er viktig, og her kjem arbeid med tema frå tekst til scene, og frå scene til tekst, fram som ein viktig metode. Kan slike måtar å arbeide på, føre til auka engasjement og motivasjon? 

Prosjekt:

Frå tekst til scene (pågåande, 2020-2021), utviklingsprosjekt i praksisfeltet, med mellom anna tiende klasse Nesna skole, i samarbeid med Anne-Lise Wie. 

#livet#døden#kjærligheten (2013-2021); FoU-samarbeid med Solveig Fretheim​