Eksterne brukarar

Alle som er fylt 18 år og er busett i Noreg, kan låne bøker ved Universitetsbiblioteket.

​Du kan bruke universitetsbiblioteket sjølv om du ikkje er student eller tilsett ved Nord universitet. 

Ta kontakt i skranken og vis legitimasjon for å få lånekort.

Av omsyn til personvernet blir lånekort som ikkje har vore i bruk dei siste 12 månadene sletta.

Trykt materiale:

Du kan låne bøker som finst på biblioteket, ved alle avdelingane våre. Dersom du ønsker litteratur universitetsbiblioteket ikkje har, må du kontakte ditt lokale folkebibliotek for å bestille fjernlån.

E-ressursar:​

Universitetsbiblioteket abonnerer på mange databasar, e-tidsskrift og e-bøker. Av lisensmessige årsaker er det avgrensa  tilgang  til e-ressursar for eksterne brukarar, («walk-in-use»). Det står søketerminalar på biblioteket der ein kan lese innhaldet i desse ressursane på skjerm. Kontakt skrankepersonalet for å få lasta ned fil til minnepinne. Utskrift er ikkje tilgjengeleg for eksterne brukarar.​