Lånevilkår

Alle som er over 18 år og busett i Noreg kan låne bøker ved universitetsbiblioteket.

​​​​​​Lånevilkår

For fullstendig utlånsreglement, klikk på boks til høgre

Lånekort

Lånekortet er personleg og skal ikkje nyttast av andre.

  • Studentar er automatisk registrert som låntakarar ved biblioteket. Studentkortet eller strekkode i studentbevis-appen er lånekort.
  • Tilsette brukar tilsettkort som lånekort. Kontakt biblioteket for å aktivere kortet før lån av bøker eller bestilling i Oria.
  • Eksterne brukarar som er busett i Noreg, kan nytte tilboda i biblioteket og få hjelp og enkel rettleiing. Eksterne brukarar blir registrert som lånarar ved personleg frammøte og framvising av gyldig legitimasjon.​

Lånetid

  • Bøker: 4 veker
  • Tidsskrift, filmar, musikk: 2 veker
  • Reservert materiale: 2 veker
  • Materiale merka «Dagslån»: innlevering innan klokka 08:00 neste opningsdag

Maksimal lånetid er 90 dagar. ​

Oversikt over lån, fornying av lån

I databasen Oria http://nord.oria.no/ må du logge inn med Feide (samme pålogging som Canvas) for å få oversikt over lån og bestillingar registrert på din konto. I Oria kan du òg fornye låna dersom lånet ikkje har gått over den maksimale lånetida (90 dagar) eller annan lånar ventar. 

Du kan sjølvsagt òg kontakte biblioteket og be om fornying, helst på e-post: ub@nord.no. 

Rettleiing for pålogging i Oria.

Purringar og krav om erstatning

  • Kvar månad får du ein e-post med oversikt over låna dine. 
  • På innleveringsdatoen får du ein sms og ein e-post med påminning om lån som har forfalle. Om du ikkje leverer eller fornyar, sender vi fleire varsel. Om du framleis ikkje leverer, får du varsel om krav om erstatning, og låneretten blir blokkert. 
  • Om du får krav om erstatning kan du
    1. levere det du har lånt før betalingsfristen går ut. 
    2. kjøpe nytt tilsvarande eksemplar til biblioteket før betalingsfristen går ut.
    3. betale for e erstatninga. Biblioteket sender faktura til e-posten din.
  • Du må erstatte tapt eller skada materiale. Minstepris pr dokument er kr 750. Studentar og eksterne brukarar får òg eit gebyr på kr 250 pr faktura. 
  • Viss dokumentet er levert etter utsendt krav om erstatning, må du likevel betale gebyret. Du må endre beløp på opphaveleg faktura for å betale gebyret.
  • Krav om erstatning som ikkje blir betalt, kan bli sendt til inkasso.
  • Ta kontakt med biblioteket på e-post ub@nord.no om du har spørsmål til purringar eller krav om erstatning.

Lånarar med ubetalte erstatningskrav eller gebyr får ikkje låne eller fornye lån før kravet er betalt.

​​​