Bestille litteratur


​Bestille og reservere litteratur

I søkeportalen Oria finn du bøker, tidsskriftartikl​​​​​ar og anna materiale (både trykt og elektronisk) som Nord universitetsbibliotek og andre fagbibliotek har tilgang til. 

Dersom boka eller artikkelen ikkje er inne på ditt bibliotek eller tilgjengeleg elektronisk, kan du bestille/reservere ønska litteratur. Universitetsbibliotek​et låner inn frå andre bibliotek i Noreg og i utlandet dersom du treng litteratur vi ikkje har sjølv (fjernlån).

Fjernlånstenesta er tilgjengeleg for studentar og tilsette ved Nord universitet og gjeld litteratur som trengst i studie- eller arbeidssamanheng.​​