Nett- og samlingsbaserte studium


Få litteratur sendt heim​​​​

Studentar på nett- og samlingsbaserte studium som ikkje bur i nærleiken av eit av biblioteka til Nord universitet, kan bestille og få litteratur sendt heim. Studentane må sjølv sørge for retur, enten ved å avtale med lokalt bibliotek eller ved å sende bø​kene. Eventuell returporto må studenten sjølv betale.

  • Be​still i søkeportalen Oria 
  • ​I feltet for hentestad, vel: Lev​ering til adresse – heimeadresse

Hente litteratur når du er på samling

Studentar på samling​sbaserte studium kan bestille bøker som står på hylla (evt. i biblioteket) og avtale henting når dei skal på samling på studiestaden. Hentefrist er 5 arbeidsdagar. NB: Denne ordninga gj​​​​eld berre for dei med lang reiseveg til universitetet. Bestill minst 2 dagar før samlinga slik at biblioteket rekk å effektuere bestillinga.

  • Bestill i søkeportalen Oria
  • I feltet for hentestad, vel biblioteket på studiestaden der du skal på samling
  • Skriv i kommentarfeltet at du vil hente bøkene når du er på samling.​​