900 i alumnbasen - og fem glade vinnarar av gåvekort

Fem vinnarar av gåvekort på 2000 kroner vart overraska og glade då dei fekk telefon om førjulstrekninga. – Dette kom som ei overrasking no før jul, seier Helene Othelie Alfheim (29) frå Leknes.

​​​​
Helene Othelie Alfheim fullførte lærarutdanning ved Nord universitet i 2019 og er no med i alumninettverket for tidlegare studentar. Foto: Privat.

Stemninga var god hos alle fem vinnarane då dei fekk telefon med beskjed om at dei hadde vunne 2000 kroner kvar. 
 
– Dette kom som ei overrasking no før jul, seier Helene Othelie Alfheim (29) frå Leknes, då ho fekk telefon om resultatet av trekkinga. Alfheim jobbar som lærar ved Fygle skole i Vestvågøy kommune, og fullførte lærarutdanning ved Nord universitet i 2019.
 
Dei 5 vinnarane er:
  • Bjørn Roger Rosvold (34), Hegra
  • Helene Othelie Alfheim (29), Leknes
  • Hildegunn Dalum (52 ), Dombås
  • Marianne Leermo Nystad (48), Mo i Rana
  • Monica Hansen (47), Beitstad
– Ein bra start på å bli med i alumninettverket, seier Bjørn Roger Rosvold (34) frå Hegra.​

​900 registrerte seg før 1. desember

Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet, oppretta i september eit nettverk for tidlegare studentar. Alle som registrerte seg i nettverket fram til 1. desember vart med i trekkinga av fem gåvekort a 2000 kroner.

​– Gratulerer til dei fem vinnarane. Me synest det er flott at så mange av dei tidlegare studentane våre har registrert seg i alumnnettverket. No ser me fram til det vidare arbeidet og samarbeidet, seier fakultetsdirektør Olav Frigaard.
 
Ønskjer å treffa tidlegare medstudentar

​Nokre av dei tidlegare studentane våre har sagt at dei ønskjer å bidra med alumnitreff. Mange ønskjer å vera ambassadørar for lærarutdanning og læraryrket og dei er interesserte i nyheitsbrev. 

Bjørn Roger Rosvold har kryssa av for at han ønskjer å bidra med å arrangera alumnitreff. 
 
​–​ Eg har ikkje mykje kontakt med tidlegare medstudentar no. Det hadde vore skikkeleg gøy å treffa dei igjen, og høyra kva dei jobbar med. Litt mimring frå studietida høyrer også med, seier Rosvold.
 
Geir Gran, seniorrådgivar ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, opplyser at det første nyheitsbrevet går ut til alumnene nå før jul. Her bli alle alumnene ønskte velkommen og dei får informasjon om etter- og vidareutdanningstilbod som kan vera aktuelle.