Barnehagelærarutdanninga i Bodø 50 år

I desember markerte barnehagelærarutdanninga i Bodø 50-årsjubileum.

​​Tilsette ved barnehagelærarutdanninga
Tilsette ved barnehagelærarutdanninga ved Nord universitet. Foto: Nina Kjeøy.

Elin Børve, faggruppeleiar for barnehagelærarutdanninga, inviterte til jubileumsseminar i desember. Barnehagelærarutdanninga i Bodø har eksistert i heile 50 år. 

– Velkommen til fagseminar. Seminaret har fått tittelen "Historiske perspektiv på barn, barnehagebarn og barnehagelærarutdanning", sa Børve. 

Ei kampsak over mange år

Seminaret gjekk over to dagar. Innlegg og diskusjonar stod på programmet.

Professor emerita Ingrid Pramling Samuelsson minte dei frammøtte om at barnehagen har vokse fram over år og at den har vore - og i mange land framleis er - ei kampsak. 

–​ Barnehagen har vore ein kamp mellom menn og kvinner, mellom politiske parti og innanfor parti, seier Pramling Samuelsson.

Ho listar opp fleire punkt som er verd å merka seg. 
 
  • Barnehagen me har i dag har ikkje vorte til utan sterke kvinner. 
  • Barnehagen har gått frå å vera eit kvinnespørsmål til å vera eit samfunnsspørsmål.
  • 61 prosent av barna i verda har tilgang til eitt år førskule. 
  • Det trengst 9 millionar barnehagelærarar fram til 2030.
350 studentar ved Nords barnehagelærarutdanningar


Du kan velja mellom å ta samlingsbaserte utdanningar på deltid og campusbaserte utdanningar, og du kan velja mellom studiestadane Bodø, Nesna, Levanger og Vesterålen.



 Kontaktperson

​​