No skal elevar bli gode på å «tenke sjæl»

Ni lærarar i vidaregåande skule i Nordland har kritisk tenking på eigen timeplan. Gjennom prosjektet FULVIS skal dei lære elevane til å få eit kritisk blikk på sanninga og det dei blir underviste i. – Spennande, nyttig og ekstremt aktuelt, seier deltakar og lærar Pål Hernes Fiva.

​​​​​​​Lærerane ved Bodin videregående skole som deltar i prosjektet. Foto: Hanne Gravrok.

Nyleg var det siste samling for dei ni lærarane frå Bodin vidaregåande skule som no er rusta til å ta lærdommen inn i klasseromma. Prosjektet er eit samarbeid mellom Nordland fylkeskommune, Nord universitet og Nordlandsforskning.

Har aldri vore meir aktuelt

Pål Hernes Fiva (40), meiner det aldri har vore viktigare å gjera elevane rusta for å «tenkja sjølv». 

 Verda blir stadig meir kompleks, og dagens unge blir utsette for frykteleg mange inntrykk, spesielt igjennom kunstig intelligens. Me treng at dømmekrafta og vurderingsevna til elevane blir styrkt i møte med ny kunnskap. Kritisk tenking er ikkje eit eige fag i skulen, men FULVIS-prosjektet skal sikra at dette blir teke vidare inn i alle fag i skulen, fortel Hernes Fiva.

​​Alle fag i den nye læreplanen har tverrfaglege tema​. Desse temaa er folkehelse og livsmeistring, berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap. ​

​ ​Innanfor temaa er det viktig og naturleg å trekkja inn den kritiske tenkinga, både hos lærarar og elevar, seier Hernes Fiva.

Blottlegg seg i videoobservasjonar

Hernes Fiva fortel at deltakarane i FULVIS har filma seg sjølv i undervisningssituasjon i klasseromma og at dei har brukt videoobservasjonane som grunnlag saman med resten av prosjektgruppa for diskusjonar, refleksjon og meiningsutveksling.

 Å sjå seg sjølv på film i undervisningssituasjon er nyttig og har ein forskingsmessig verdi, seier Hernes Fiva.

Sjølv om lærarane trekte fram videoobservasjon som det mest verdifulle verktøyet i oppsummeringa av kurset, innrømmer enkelte at det har kosta å filma seg sjølv og visa dette fram.

 Å visa videoane av meg sjølv i undervisningssituasjon til resten av gruppa har vore skummelt, men det ligg mykje læring der. Det har gitt oss ein refleksjon av kva kritiske tenking er, kva det betyr i faga våre og korleis me kan bruka dette slik at det gagnar elevane, seier Ellen Stein (37).

Ho seier at det er nyttig og utviklande å ha eit forum med andre lærarar i FULVIS. Der kan ein dela didaktiske og faglege utfordringar. Stein er overtydd om at ho kjem til å få god bruk for verktøya og metodikken framover.

 No gler eg meg berre til å ta det endå eit steg vidare, det er no utviklinga verkeleg byrjar. 

Ellen Stein og Pål Hernes Fiva. Foto: Hanne Gravrok.

​Skal utrusta dei unge til å tenkja sjølv

Wenche Rønning er prodekan for forsking ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet seier det har vore givande og erfaringsrike dagar saman med deltakarane i FULVIS. Prosjektet er ein pilot, og lærarane ved Bodin er først ute med å testa opplegget. 

Frå hausten 2023 vil FULVIS tilbydast ved Nord universitet som eit emne på masternivå som gir ti studiepoeng. 

 Det å utstyra barn og unge til kritisk tenking, er kanskje det viktigaste verktøyet me utstyrer dei med, seier Rønning, som håpar emnet vil takast av alle typa lærarar -  frå barnehagen og opp til vidaregåande skule etter kvart som emna blir tilgjengeleggjort.

​ Dagens barn og unge er utsett for eit massivt press frå alle kantar, og me gir deltakarane i FULVIS verktøya dei treng for å ta kritisk tenking inn i skulen, seier Rønning om pilotprosjektet som er finansiert av forskingsrådet.​


​​​​​

 Kontaktperson