Faggruppe for barnehagelærerutdanning

Barneføtter som balanserer på stubber
Faggruppa for barnehagelærarutdanning har eit overordna ansvar for den faglege verksemda knytta til studieprogrammet Bachelor barnehagelærar, og for etter- og vidareutdanningar på masternivå for barnehagelærarar og andre tilsette i barnehagar og barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak.

​​​​​​​​​​​​​​​Dei vitenskapeleg tilsette i faggruppa barnehagelærarutdanning tek del i eit overordna fag- og forskningsfellesskap der lærarutdanning som profesjon utgjer forskningsfeltet, og i mindre forskningsfelleskap kor forskning på barnehagelærarutdanning og barnehagar er hovedfokuset. Likeså ivaretar faggruppa forskning om manfold, som lule- og sørsamisk kultur og tradisjon innan barnehagefeltet.

Faggruppa barnehagelærarutdanning skal leggje til rette for forpliktande samrbeid mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt.

Faggruppa har om lag 50 tilsette i stillingskategoriar professor, førsteamanuensis, førstelektor, universitetslektor og stipendiat.

Faggruppas studiar:

  • Bachelor barnehagelærar, heltid og campusbasert
  • Bachelor barnehagelærar, heltid og samlingsbasert
  • Bachelor barnehagelærar, deltid og samlingsbasert
  • Vidareutdanninstilbod knytta tel strategien Kompetanse for fremtidens barnehager
  • Frå hausten 2021 tilbyr vi Master i profesjonsutøvelse og ledelse i barnehagen
  • Frå hausten 2021 tilbyr vi Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning med samisk profil.
Tilsaman er det om lag 550 studentar knytta tel dei ulike utdanningstilboda.


Faggruppas forskningsgrupper: 

>> Oppdatert oversikt over alle forskningsgrupper

Kvalitet i barnehage og barnehagelærarutdanning (KiBB)
Forskningsgruppa Kvalitet i barnehage og barnehagelærarutdanning (KiBB) er ei tverrfagleg forskningsgruppe som har fokus på kvalitet  både i barnehage og barnehagelærarutdanning.

Les meir om forskningsgruppa KiBB.

Profesjon, praksis og utvikling i barnehage og skole
Forskningsgruppa ønsker å bidra med kunnskap og forståing om ulike aktørar på ulike nivå i barn og unges oppvekst som kan bidra til å opprettholde og utvikle kvalitet i utdanningsinstitusjonane.

Les meir om forskninsggruppa Profesjon, praksis og utvikling i barnehage og skole. 



 Faggruppeleder