Faggruppa har ansvar for utvikling og gjennomføring av emne innan naturfag og matematikk, kor naturfag- og matematikk-didaktikk er ein naturleg del av emna.
Desse emna er del i ulike studieprogram, som til dømes Master grunnskolelærarutdanning (GLU), Barnehagelærarutdanning (BLU), Lektorutdanning osv.
Faggruppa er også ansvarleg for kortare frittståande EVU-program.
Dei aller fleste tilsette i faggruppa er medlemmar i ulik forskingsgrupper. Desse forskingsgruppene er gjerne tverrfaglege med medlemmar frå fleire ulike faggrupper. Dei tilsette driv både displinfagleg og profesjonsretta forsking, og faggruppa har ei målsetting om heile tida å utvikle emna ut frå ny forsking.
Fleire av dei tilsette er involverte i statlege ordningar som REKOM, DEKOM osv.
Realfagsgruppa har om lag 40 tilsette, ca. 35 årsverk. Blant desse har vi også nokre få stipendiatar og post-docstillingar.