Faggruppa utdannar studentar innanfor master i grunnskolelærarutdanninga med vekt på norsk, lule- og sørsamisk og engelsk, og vi bidreg med kompetanse innanfor lærar- og barnehagelærarutdanning, samt etter- og vidareutdanning.
Vi har fleire studietilbod i språk og litteratur både innanfor norsk, lule- og sør-samisk og i engelskfaglege emne, og er med det ein viktig bidragsytar til det språk- og litteraturfaglege arbeidet på ulike nivå i ulike typar skoleslag.
I norskundervisninga vert ulike emne som omhandlar norskundervisning og didaktikk vektlagd. Område som språkutvikling, norsk som andrespråk, fleirspråkleg praksis, kunnskap om litteraturteori og metodar i litteraturundervisning, samt lese- og skriveopplæring er nokre av dei sentrale delane av faget.
Faggruppa tilbyr engelsklærarutdanning frå ulike språklege, pedagogiske og psykologiske perspektiv, og er ei anerkjend utdanning mellom anna på grunn av eit bredt spekter av forskingsmetodar og tilnærmingar. Spesialiseringsområde inkluderer klasseromsdiskurs, samtaleanalyse, andrespråkstileigning, engelskdidaktikk, utandørsundervisning, dramametodikk, barnelitteratur og anvend lingvistikk.
Fagmiljøet har etablerte forskingsgrupper og forskingsaktivitet, og ynskjer å vere eit utviklande miljø, både i Noreg og i utlandet.
Faggruppa for språk og litteratur har ca. 55 tilsette.