Krig og konflikt i minnekultur og politisk styring

Tverrfagleg forskingsgruppe med fokus på korleis krig, konfliktar og terroraksjonar påverkar samfunn i ettertid, og korleis minnet om slike traumatiske og dramatiske hendingar brukast av ulike aktørar i kollektive minneprosessar, politisk styring og didaktiske samanhengar.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​

Forskningsgruppa er ein del av faggruppe​ Grunnskolelærerutdanning

​Det primære fokuset for gruppa er det kollektive minnet om andre verdskrigen i bygging av identitet og samfunn, men også andre konfliktar og periodar er aktuelle til jamføring, ikkje minst nyare tids døme på politisk terror. Medlemmene i gruppa høyrer i utgangspunktet heime i fagdisiplinane historie/kulturhistorie, statsvitskap og pedagogikk.

Kobling mot utdanning

I seinare tid har undervisning i demokrati og medborgarskap, menneskeverd, identitet og historie fått auka vekt i skulen, seinast i læreplanverket etter fagfornyinga. Traumatiske erfaringar med udemokratiske system og samfunnsnedbrytande hendingar er eit tyngdepunkt i samfunnsfaga, og også i humanistiske fag som litteraturstudiar vil handsaminga av traumatiske erfaringar stå sentralt. I skulen vil gjerne arbeid med dette emnet vere tverrfagleg innretta. Derfor er det naudsynt med ei tverrfagleg tilnærming også i lærarutdanningane. Formålet med gruppa vil mellom anna vere å auke medvits- og kunnskapsnivået om fagdidaktisk praksis og disiplinfagleg tilrettelegging.


Pågåande forskingsprosjekt

Okkupasjonsromanar 

Leiv Sem

Korleis er okkupasjonstida framstilt i norske romanar? Kva kan fiksjonslitteraturen fortelje oss om korleis ein har opplevd, og seinare brukt erfaringane frå krigen? Gjennom eit utval romanar med okkupasjonen som tema eller ramme diskuterer prosjektet korleis ein har forstått seg sjølv, fienden, motstanden og trugsmålet? 

Mellomalderens riddarskikkelse som litterært motiv

Leiv Sem

Mellomalderens riddarskikkelse som litterært motiv. Ei undersøking av eit konvensjonelt motiv i
 nye samanhengar. 

Arven etter læraraksjonen

Leiv Sem og Ole Petter Vestheim: Arven etter læraraksjonen. 

I 1942 etablerte NS-styret eit nytt nasjonalsosialistisk «Lærarsamband» med tvunge medlemskap for alle norske lærarar. Dette blei møtt med sterk og brei motstand, og læraranes aksjonar kom til å symbolisere sivil mot, og kampen for demokrati og fridom. Korleis er denne historia brukt og formidla blant lærarar i dag? I kva for kontekstar er desse hendingane nemnde, av kven, og til kva formål?​

​​Norsk memoarlitteratur frå fyrste verdskrigen.

Trond Risto Nilssen & Leiv Sem

Norsk memoarlitteratur frå fyrste verdskrigen. 

Den fyrste verdskrigen spelar ei lita rolle i norsk offentleg minne. Korleis blei denne krigen forstått og hugsa før andre verdskrigen kom? Korleis stiller norske deltakarars minneforteljingar seg til den omfattande minnelitteraturen som finst internasjonalt?
​​

Norway’s Foreign Relations in the Twenty-first Century – Small State Realism ​

Geir K. Almlid 

Norway’s Foreign Relations in the Twenty-first Century – Small State Realism ​
Blir utgitt på Palgrave Macmillan, 2023.


Ferdigstilte prosjekt

​​

Britain and Norway in Europe since 1945: Outsiders

Geir Almlid

Britain and Norway in Europe since 1945: Outsiders. 
Palgrave Macmillan 2021.​

Denne boken er en omfattende fremstilling av forholdet mellom Storbritannia og Norge innenfor europeisk integrasjon fra 1945 frem til i dag. Den tar for seg sentrale hendelser og utviklinger, i tillegg til å analysere mer langsiktige linjer som følelsen av å være en outsider i Europa og det skiftende bilaterale forholdet.​​

​Demokratiet i moderne norsk historie

Geir Almlid & Jon Reitan

Demokratiet i moderne norsk historie.
Fagbokforlaget 2021. 

Boken belyser demokratiske aspekter knyttet til sentrale utviklingstrekk og hendelser i norsk historie fra 1905 til våre dager. Hensikten med boken er å gi en oversikt over utviklingen av det norske demokratiet som system, å øke forståelsen for demokratiske utfordringer i fortidens, dagens og framtidas Norge, og å styrke bevisstheten om betydningen av demokratiopplæring i skolen. ​

The Legacies of the Nazi Camps in Norway

​Trond Risto Nilssen & Jon Reitan

The Legacies of the Nazi Camps in Norway. 
Berlin – Münster – London – Wien: LIT Verlag 2021.

Boka er en gjennomgang og analyse av nazistenes leirsystem som ble etablert i Norge under andre verdskrig, og om overgangsfasen fra krig til fred med tilbakeføring av demokratiet, arrestasjoner, filtrering av krigsforbrytere og gjennomføringen av etterkrigsoppgjøret som bakteppe.​​​

Brudd og kontinuitet i en leirverden

​Trond Risto Nilssen​ & Jon Reitan

«Falstad. Fangeleirer i diktatur og demokrati 1941–1949». Oslo: Scandinavian Academic Press 2021. ​ 





​​

 Leiar av forskningsgruppa

 Medlemmer