Forskingsstrategi 2020–2022 for Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag

Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag (FLU) driv forsking og pedagogisk og kunstnerisk utviklingsarbeid (FoU) som bidreg til utvikling av fakultetets utdanningsområde.

​Forskinga skal vere praksis- og profesjonsretta med fokus på tverrfaglegheit, og byggje opp under fakultetets faglege profil:  

Læring i utforskande fellesskap gjennom nærheit til natur og kultur, samt Nord universitets visjon Globale utfordringar – regionale løsningar.   

FLU tilbyr eit breitt spekter av utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Fakultetet har ei heilhetleg tilnærming til danningsprosessen, der utgangspunktet er det totale oppvekstmiljøet for barn og unge, inkludert kultur- og aktivitetstilbod. Universitetet har eit særskild nasjonalt ansvar for lule- og sørsamisk språk og kultur, som verte ivareteken mellom anna gjennom forsking ved FLU.   

Overordna målsetjing 

​Forskingsaktiviteta skal særleg vektleggja profesjonar, og omfattar også disiplinretta forsking med relevans for fakultetets verksemd. Hensikta er å utvikla både profesjonsfeltet, utdanningane vi tilbyr og den forskingsbaserte lærdomen relatert til dette. Innovasjon, berekraft og kreativitet med utgangspunkt i profesjonspraksis i skuler og barnehagar, og barn og unges danning og opplæring i et heilhetleg oppvekstmiljø står sentralt. Forskingsaktiviteten skal innehalde grunnforsking, anvend forsking og utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå. 

Forsking og formidling skal skje i eit samarbeid mellom lokale, nasjonale og internasjonale aktørar. Nettverkssamarbeidet skal utviklast og vedlikehaldast. Samarbeidet skal lede til utvikling av tverrfaglege og fakultetsoverskridande miljø og prosjekt kor røynsleperspektivet og utvikling av praktisk lærdom i arbeidslivet, yrkesrelatert lærdom, samt utdanningsforsking står sentralt. 

Verkemiddel 

Dei vitskapelege tilsette ved FLU skal vere forskingsaktive, og fortrinnsvis knytta til forskingsgruppar med sterke samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt. Det er ei målsetjing at forskingsarbeidet skal utløse publisering. Forskinga skal støtte opp om dei ulike utdanningane på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. I tråd med fakultetets handlingsplanar skal det ved behov verte satsa på ytterlegere kompetanseheving og forskarutdanning for FLUs vitskapelege tilsette. FLU vil særleg prioritere forsking innan dei område kor det er høg forskingskompetanse og der behovet for forskingsbasert lærdom er stort.  

For å øke kvaliteten på og handlingsrommet for forsking og internasjonalisering, er det ei målsetjing at vitskapeleg tilsette med administrativ støtte skal søkje midler frå programmar ved regionale institusjonar, nordiske institusjonar, Noregs forskingsråd og EU-baserte program. Fakultetet har etablert eit forskingsutvalg med representantar frå alle faggrupper ved fakultetet. Forskingsutvalet er rådggjevande i utviklinga av mellom anna fakultetets forskingsgsstrategi, forskingsprofil og strategisk bruk av fakultetets forskningsmidlar.  

Ph.d. i profesjonsvitskap 

​​Fakultetet har saman med Fakultet for sjukepleie og helsevitskap ansvaret for universitetets doktorgradsprogram ph.d. i profesjonsvitskap​. Doktorgradsprogrammet skal kvalifisere for forskingsvirksomhet på et høgt vitskapeleg nivå, og for anna arbeid k​or det stillast store krav til vitskapeleg innsikt og forskingsmetode. Doktorgradsprogrammet er forskingsstrategisk viktig for fakultetet. Dei ulike doktorgradsprosjekta skal vere faglege bidrag på høgt nivå, både til yrkesprofesjonane og til samfunnet for øvrig. Doktorgradsprosjekta skal sette nye temaer på dagsorden, og dei skal bidra til å utvikle kunnskap som fører til at praksisfeltet utviklast og videre gi vitskapeleg forståing. 
 
Temaområdene berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmestring 

FLU vil leggje vekt på forsking innan dei tre tverrfaglege tema i ramme- og læreplanar: Berekraftig utvikling, demokrati og medborgerskap og folkehelse og livsmestring. FNs 17 berekraftsmål vil vere grunnprinsipp. Fakultetet vil særleg, men ikkje utelukkande, fokusere på følgjande område:  

  • Innovasjon og digitalisering i læring 
  • Samisk, urfolkskulturar og mangfald 
  • Praktiske og estetiske læringsprosessar