Sei frå!

Nord universitet ønskjer å vite korleis våre tilsette og studentar har det, og terskelen for å seie frå skal vere låg. Her kan du melde inn alt i frå mindre saker relatert til studiekvardagen din, til alvorlege tilhøve som mobbing og trakassering. Du kan også kome med framlegg til betringar.

Ris og ros knyttet til studiekvardagen

Gje ris og ros eller kom med framlegg til betringar knytte til studiekvardagen.

> Skjema

Varsling kritikkverdige tilhøve

Om du som tilsett eller student ønskjer å melde frå om negative hendingar og tilhøve, kan du bruke varslingsskjemaet vårt. Skjemaet kan brukast til å melde frå om mellom anna:

- Brot på lover og regelverk
- Ekskluderande studie- eller arbeidsmiljø
- Mobbing eller trakassering
- Seksuell trakassering
- Tilhøve eller situasjonar som kan vere til skade for universitetet eller enkeltpersonar
- Andre kritikkverdige tilhøve

Les meir om kritikkverdige tilhøve

Varslingsskjema


Seksuell trakassering

Seksuell trakassering er uønskt seksuell merksemd som opplevast som plagsam og krenkande. Nord har nulltoleranse for slik oppførsel. Her kan du lese meir om varslingsrutinane våre og korleis du kan rapportere seksuell trakassering

> Les meir

> Varslingsskjema

Personvern

Sei frå om avvik knytt til aller former for manuell eller elektronisk behandling av personopplysningar i undervisning, forsking eller administrasjon.

Les meir
Meld om avvik

HMS for tilsette

Sei frå om alle uønskte hendingar som har ført til eller kan føre til skade på menneske, miljø og materiell, samt brot på HMS-regelverk.

> Meld om HMS avvik 

Bygg og rom

For rask oppfølging av tilhøve som gjeld bygningar (varme/ventilasjon/utstyr) bør ein kontakte lokal driftsavdeling: 


Kontaktperson

For spørsmål rundt varsling for kritikkverdige tilhøve:

Studentombud

Hanne Seljesæter
E-post: studentombud@nord.no
Telefon: 941 69 899

Studentombodet er ein uavhengig og nøytral bistandsperson som gjev studentar ved Nord universitet råd og hjelp i saker knytte til skadesituasjonen. Studentombodet har teieplikt, tilbodet er gratis og det er heilt uforpliktande å ta kontakt.

> Les meir om kva studentombodet kan hjelpe deg med