Kven handterer mottekne varsel?
Det vil ved kvar enkelt varsling bli gjort ei konkret vurdering i høve til kven som skal involverast i den vidare behandlinga av saka og kva slags tiltak som setjast i verk. Talet på involverte vil ikkje vere fleire enn det som blir rekna som naudsynt.
Om ein nyttar varslingsskjema, vil dette blir motteke av jurist Astrid Haugskott Dahl i økonomi og HR-avdelinga og organisasjonssjef.
Varslingssaker behandlast og arkiverast i samsvar med det regelverket som gjeld til ei kvar tid.
Omsynet til varslaren
Eit motteke varsle skal behandlast konfidensielt. Identiteten din som varslar vil ikkje bli gjort kjent for fleire enn det som absolutt er naudsynt for den vidare saksbehandlinga av varslinga. Om du som varslar ønskjer fortrulegheit om identiteten din, blir saksbehandlinga lagt opp slik at ein tek vare på dette.
Om det er naudsynt for den vidare saksbehandlinga at identiteten din som varslar blir gjort kjent for dei som skal ta del i den vidare undersøkinga av saka, så vil du bli gjort kjent med dette og med kven desse personane er.
Alle som varslar via varslingsskjemaet vil få ei stadfesting på at varslet er motteke. Den som varslar med kjent identitet eller via andre med kjent identitet, vil få ei stadfesting på at varslet er motteke, også i dei tilfella det varslast på andre måtar enn ved bruk av varslingsskjemaet.
Når saka er ferdig behandla frå Nord universitet si side, skal du som varslar straks få melding. Du vil få melding same om oppfølginga har vist at det låg føre kritikkverdige tilhøve eller ikkje.
Arbeidsmiljølova § 2 A-2 set forbod mot gjengjelding mot ein arbeidstakar som varslar i samsvar med § 2 A-1 i arbeidsmiljølova.
Om framgangsmåten ved varsling ikkje er forsvarleg, er ikkje ein tilsett varslar verna av forbodet mot gjengjelding eller negative konsekvensar.
Omsynet til den det varslast om
Om Nord universitet bestemmer seg for å gå vidare med saka etter at ho er undersøkt, vil den eller dei det varslast om som hovudregel bli gjort kjent med varslet og kva opplysningar Nord universitet har motteke. På den måten vil den eller dei få høve til å gje sin versjon av saka.