For at varslinga skal vere forsvarleg, stillast det krav til at du som varslar:
- har sakleg grunnlag for kritikken
- var i god tru om dei faktiske kritikkverdige tilhøva
- har teke omsyn til tilsette og verksemda i måten du varslar på
- har vurdert om tilhøvet har ålmenn interesse, og i kva grad opplysningane kan skade omdømet til Nord universitet.
Varslinga er uforsvarleg om du varslar på ein måte som er trakasserande eller som er unødig belastande for arbeidsmiljøet, om varslinga i staden kunne vore gjort på ein ikkje-belastande måte.
Varslinga er også uforsvarleg om du mot betre vitande fremjar grunnlause påstandar retta mot kollegaar eller gjentek påstandar etter at det er rydda opp i tilhøva.
Ein varslar som går tenesteveg, eller seier ifrå til andre ved Nord universitet som har ansvar eller påverknadshøve i samsvar med det som det varslast om, opptrer i samsvar med lova.
Du har også alltid rett til å varsle i samsvar med plikter som følgjer av lov, forskrift, avtale, instruks og liknande.
Ved varsling til overordna styresmakt eller tilsyns- eller kontrollstyresmakter gjeld dei same forsvarlegkrava som ved intern varsling.