Som registrert har du krav på informasjon om korleis Nord universitet behandlar personopplysningane dine. Du har også ein del andre rettar som er lista opp nedanfor.
Om du ønskjer å bruke rettane dine, har spørsmål eller behov for rådgjeving omkring behandlingar av personopplysningar ved Nord, kan du ta kontakt på behandlingsansvarlig@nord.no. Vi vil behandle førespurnaden frå deg utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dagar.
Når du vender deg til oss, vil du bli beden om å stadfeste identiteten din. Dette gjer vi for å sikre at uvedkomande ikkje får tilgang til personopplysningane dine. Du kan også bli beden om å gje opp ytterlegare informasjon.
Rett til innsyn
Du har rett til å sjå/få innsyn i alle personopplysningar som er registrerte om deg ved Nord universitet. Du har også rett til å få utlevert ein kopi av personopplysningar om deg, om du ønskjer det. I nokre elektroniske løysingar (t.d. StudentWeb og CRIStin) kan du sjølv sjå kva vi har registrert om deg, samt få høve til å endre nokre av opplysningane.
Rett til å trekke samtykke
Om vi behandlar opplysningar om deg på grunnlag av samtykke frå deg, kan du til ei kvar tid trekkje tilbake samtykket. Den enklaste måten å gjere dette på, er å ta direkte kontakt med den avdelinga/eininga som henta inn samtykket frå deg. Du kan også ta kontakt med behandlingsansvarleg.
Rett til deling
Du har rett til å få personopplysningar om deg som ikkje er riktige, retta. Du har også rett til å få ufullstendige personopplysningar om deg supplerte. Om du meiner vi har registrert feil eller mangelfulle personopplysningar om deg, bed vi deg kontakte oss. Det er viktig at du grunngjev og eventuelt dokumenterer kvifor du meiner personopplysningane er feil eller mangelfulle.
Rett til avgrensa behandling
I enkelte tilfelle kan du ha rett til å krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa. Avgrensing av personopplysningar vil seie at personopplysningane framleis blir lagra, men at høva for vidare bruk og behandling blir avgrensa.
Om du meiner at personopplysningane er feil eller mangelfulle, eller har protestert mot behandlinga, har du rett til å krevje at behandlinga av personopplysningane dine mellombels blir avgrensa. Det vil seie at behandlinga blir avgrensa inntil vi eventuelt har retta personopplysningane dine, eller har fått vurdert om protesten din er velgrunna. I andre tilfelle kan du også krevje ei meir permanent avgrensing av personopplysningane dine. For å ha rett til å krevje avgrensing av personopplysningane dine, må vilkåra i personvernforordninga artikkel 18 vere oppfylte. Om vi mottek ein førespurnad frå deg om avgrensing av personopplysningar, vil vi vurdere om vilkåra i lova er oppfylte.
Rett til sletting
I nokre tilfelle har du rett til å krevje at vi slettar personopplysningar om deg. Retten til sletting er ikkje ein vilkårslaus rett, og kor vidt du har rett til sletting må vurderast i lys av personopplysningslova og personvernforordninga. Om du ønskjer å få sletta personopplysningane dine, bed vi deg om å ta kontakt med oss. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ønskjer at personopplysningane blir sletta, og om mogleg også opplyser om kva personopplysningar du ønskjer å få sletta. Vi vil då vurdere om dei rettslege vilkåra for å krevje sletting er oppfylte. Ver merksam på at lovverket i somme tilfelle gjev oss høve til å gjere unntak frå retten til sletting. Til dømes vil dette vere tilfelle når vi er nøydde til å lagre personopplysningane for å oppfylle ei oppgåve vi er pålagd etter universitets- og høgskolelova, eller for å ta hand om viktige samfunnsinteresser som arkivering, forsking og statistikk.
Rett til å protestere
Du kan ha rett til å fremje ei innseiing mot behandlinga, det vil seie protestere mot behandlinga, om du har eit særskild behov for å få stoppa behandlinga av personopplysningane dine. Døme kan vere om du har eit behov for ekstra vern, hemmeleg adresse, eller liknande. Retten til å protestere er ikkje ein vilkårslaus rett, og han avheng av kva som er det rettslege grunnlaget for behandlinga, og om du har eit særskilt behov. Om du protesterer mot behandlinga, vil vi vurdere om vilkåra for å protestere er oppfylte. Om vi kjem til at du har rett til å protestere mot behandlinga, og at innseiinga er kvalifisert, vil vi stanse behandlinga og du vil også kunne krevje sletting av opplysningane. Ver merksam på at vi i somme tilfelle likevel kan gjere unntak frå sletting, til dømes om vi er nøydde til å lagre personopplysningane for å oppfylle ei oppgåve vi er pålagd etter universitets- og høgskolelova, eller for å ta hand om viktige samfunnsinteresser.
Rett til å klage over behandlinga
Om du meiner vi ikkje har behandla personopplysningane på ein korrekt og lovleg måte, eller om du meiner at vi ikkje har klart å oppfylle rettane dine, har du høve til å klage over behandlinga.
Om vi ikkje tek klagen din til følgje, har du høve til å fremje klagen for Datatilsynet. Datatilsynet er ansvarleg for å kontrollere at norske verksemder overheld vilkåra i personopplysningslova og personvernforordninga ved behandling av personopplysningar.