Nord universitet brukar informasjonskapslar i marknadsføringa. Informasjonskapslar bidreg til å gjere marknadsføringa av studieprogram, føredrag, seminar o.l. meir tilpassa og relevant for brukaren.
Om du som brukar samtykker ønskjer Nord universitet å vise deg tilpassa annonsar på andre nettstader du besøkjer. Dette gjer vi ved bruk av Google Tag Manager. Dette verktøyet gjev oss høve til å vise deg annonsar om aktuelle studietilbod, seminar, føredrag m.m. som vi trur kan vere av interesse for deg som brukar av nettsidene til universitetet.
For å bruke opplysningane dine til persontilpassa marknadsføring treng vi samtykke frå deg. Du kan til ei kvar tid gje frå deg eller trekkje samtykket ditt ved å bruke innstillingane i nettlesaren din.
Følgjande informasjonskapslar brukast på nord.no og blogg.nord.no i samband med persontilpassa marknadsføring.
Meta Pixel
Nord universitet brukar Meta Pixel for å måle trafikk mellom Facebook og nettsidene våre. Meta Pixel er ein informasjonskapsel brukarane sjølv vel å laste ned gjennom Facebook til eininga dei brukar. Gjennom å gje samtykke til bruk av denne typen informasjonskapsel gjer brukarar det mogleg for Facebook å kople saman Facebook-brukaren til nettrafikken på nettsida vår, nord.no. På denne måten kan vi tilpasse marknadsføringa til brukarar basert på korleis dei brukar nettsida nord.no. Her kan du lese meir om korleis Facebook brukar informasjonskapslar.
Snapchat Pixel
Nord universitet brukar Snap Pixel for å tilpasse marknadsføringa ved å spore trafikk frå Snapchat til nettsida nord.no. Dette gjer vi for å måle korleis innlegga våre på Snapchat skapar trafikk til nettsida. Snap Pixel blir lagt inn gjennom Google Tag Manager. Her kan du lese meir om korleis Snapchat behandlar Personvern
Google remarketing og Google Ads
Nord universitet brukar remarketing frå Google Ads for å kome i kontakt med personar som tidlegare har samhandla med nettstaden nord.no. Dette vil seie at tidlegare besøkande kan ta i mot relevante annonsar frå Nord universitet på andre nettstader. Ved å bruke nettstaden nord.no godkjenner du at Google behandlar opplysningar om deg. Du kan sjølv tilpasse annonseinnstillingane dine hos Google.
Adform
Nord universitet brukar Adform for å måle effekten av annonsane våre slik at vi kan levere meir relevante annonsar. Adform brukar informasjonskapslar slik at vi kan målrette annonsane våre til utvalde målgrupper, frekvensstyre annonsane etter aktivitet, sjå brukaråtferda til brukarane våre opp mot annonseringa, og samle informasjon om interessa for å skape meir relevante annonsar til brukarane våre. Adform lagrar inga personlege opplysningar og dataa er anonymiserte.
Google Tag Manager and AdWords (_gac) plasserer ein informasjonskapsel på datamaskina di for å gje kampanjerelatert informasjon. Informasjonskapselen blir sletta etter 90 dagar.