Kommunikasjonseininga

Kommunikasjonseininga har hovudansvar for nyheits- og forskingsformidling, web/sosiale medie, marknadsføring, arrangement, studentrekruttering, profilering og grafisk design/trykk. Vi har tilsette i Bodø, Levanger og Steinkjer.

​​​​​​Våre ansvarsområde:

Strategisk leiing og mediekontakt

Overordna ansvar for strategisk og operativ kommunikasjon ved Nord universitet. Som til dømes mediehandtering, koordinering og samspel med leiing, myndigheit, næringsliv og omverda.

Tilsette:
Andreas Førde (kommunikasjonssjef)
Tor Dybdal-Holthe (kommunikasjonsleiar)​

Nyheits- og forskningsformidling

Vi formidlar nyheiter frå Nord universitet og aktuell forsking, mellom anna i form av populærvitskapelege artiklar på nord.no og på forskning.no 
Vi har solid kompetanse på foto, video og tekst, og kan bidra med støtte og rådgjeving til våre fagmiljø tilknytta kronikkskriving m.m


Tilsette:
Bjørnar O. Leknes (koordinator)

Eksterne nettsider (www.nord.no)

Webteamet i Kommunikasjonseininga har ansvaret for drift og utvikling av våre eksterne nettsider. Teamet har også ansvaret for å legge til rette for og koordinere innhald på nettsida frå fagmiljøet på Nord universitet.

Tilsette:
Lena Ramsvik (koordinator)
Helen Hillevi Ruud

Internkommunikasjon og språk

iNord (intranett.nord.no)
Tilrettelegging for innhald og informasjon til våre tilsette.

Språkpolitikk.​

Tilsette:
Ellisiv Flatval (koordinator)​
Roger Grostad

Sosiale medium, studentrekruttering og marknadsføring

Koordinering, publisering, annonsering og rådgjeving innanfor studentrekruttering og digital marknadsføring. 

Tilsette:
Bjørn-Åge Rånes (Koordinator)

Arrangement og profilering

Hovudansvar for profilering og arrangement som Forskingsdagane, Fagdagen, Lytring, Innsikt, Åpen dag og Universitetsturneen.​

Tilsette:
Per-Stian Ekroll (Koordinator)
Marte Gilstad

Grafisk design og trykk

Trykkeriet tilbyr eit bredt spekter av grafiske tenester. Frå trykking av kompendium og rapportar, grafisk design til total marknadsføringsmateriell.
Teamet har også ansvar for å utvikle og forvalte den visuelle profilen til Nord universitet.

Tilsette:
Hege Vatne Arntsen (koordinator)
Kris Kommedahl
Einar Chris​tensen


 Kommunikasjonssjef

 Kommunikasjonsleiar